Det har ikkje gått meir enn fem minutter før Ku Klux Klan angrip ein av spritfabrikkane under Nucky Thompsons styring i andre sesong av forteljinga om The Boardwalk Empire. 1921 vert eit hardt år for Nucky Thompson, men langt frå det siste.

Til det er historia for gripande, og langtidsbelønninga for stor. Men på kort sikt, episodevis, kan det framleis bli litt langtekkeleg.

Vanekriminelle som politikarar er i vinden for tida, men ingen skal seie at Nucky ikkje taklar brasene godt. Han sjonglerar trusretningar, haldningar og folkegrupper som det var den lettaste sak av verda. Men når dei som står han nære konspirerar mot han, vert det vanskeleg uansett.

Har fanga tidsalderen

Atlantic City har knappast blitt portrettert vakrare enn dette, sjølv om me hovudsakleg får sjå innsida av bygningar.

Lyset kan sjå litt planlagt ut til tider – byen er i ein evig dus glød – men dei verker å følgje planen som Martin Scorsese la ned med første episode i første sesong.

Der heile første sesong vart ei sakte oppbyggjing av figurane, er andre sesong ei sakte nedriving, noko eg tykkjer fungerar betre. Dei personlege drivkreftene som står bak diverse svik er mykje sterkare denne sesongen enn sist gang.

Les også: Boardwalk Empire, sesong 1: — Definitivt en severdig serie, men…

Darmody-familien, ikkje akkurat kjernefamilien på sitt beste (Foto: Warner Bros Home Entertainment).
Darmody-familien, ikkje akkurat kjernefamilien på sitt beste (Foto: Warner Bros Home Entertainment).
Best samla

Dette er nok ein serie som bør sjåast i samla format. Og HBO har gjort eit godt arbeide med å setje saman ei pakke for deg å nyte serien i.

Eg får oppsummeringsstoff, interessant materiale frå bak kamera, nokre dokumentarar om forbodstida (som mystisk nok forklarar kor tidsriktig TV-serien er), og ikkje minst den hendige «kven er dette?»-funksjonen som kan hentast fram når eg betvilar kven som eigentleg er foreldra til kven, eller kva ho eigentleg gjorde førre sesong.

Meir Nucky, meir Chalky, meir Darmody

Nucky Thompson (Steve Buscemi) har alltid balansert på knivseggen mellom politiker og kriminell. Buscemis karisma og skodespel held serien oppe og tilfører det distinkte som serien ellers ikkje heilt klarar å skape utan han.

Michael K. Williams sin rollefigur i «Boardwalk Empire» med det lettare ironiske namnet Chalky White (Foto: HBO)
Michael K. Williams sin rollefigur i «Boardwalk Empire» med det lettare ironiske namnet Chalky White (Foto: HBO)
Sesongen opnar med eit angrep på den svarte rase, og Chalky White (Michael K. Williams) gjer alt han kan for å forsvare den – sjølv om det betyr at han må vere hard mot sine eigne. Det me får vite av bakgrunnshistoria hans gjer det desto meir spennande.

Bakhistoria er òg nettopp det som gjer historia til James Dermody (Michael Pitt) så interessant. Forholdet til mora vert utforska, og skapar eit av få verkelege sjokkelement i sesongen.

Les også: Topp 5-liste: Beste HBO-serier

Stort omfang

Av serier som går akkurat no er det kanskje berre Game of Thrones som har det same omfang som Boardwalk Empire.

Kjøtet på beina som eg følte serien mangla sist sesong er meir på plass, og gjer det meir sjåverdig. Men saktegåande er det framleis.

Den forteljast meir på same måte som Mad Men, saktegåande og meir som éin lang film enn fleire episoder. Og då er det jo greit å ha nettopp alle episodane samla på same stad!

Har du sett Boardwalk Empire? Legg att din vurdering under traileren for sesong 2.

Om SERIEN

Boardwalk Empire S02
  • Boardwalk Empire S02
  • Slippdato: 05.09.2012
  • Sesong: 2
  • Regi: Tim Van Patten, med fleire.
  • Utgiver: Warner Bros Home Entertainment
  • Sjanger: Drama, TV-Serie

Hei! Les dette før du skriver en kommentar:
Vi vil gjerne ha engasjerte debattanter og setter pris på konstruktive bidrag til samtalen. Det er lov å være kritisk eller uenig, men hold deg til tema og vær saklig i dine begrunnelser (husk at det er lett å bli misforstått). Personangrep og trakassering er ikke greit - slike innlegg blir slettet. Vi vil også gjerne at du bruker ditt fulle navn når du kommenterer. Takk for dine bidrag, hilsen oss i P3 Filmpolitiet.