Inneheld småspoilers for Sherlock sesong 2, samt for nokre av bøkene om Sherlock Holmes.

Eg meiner at BBCs Sherlock absolutt er eit eksempel til oppfølgjing når det gjeld TV-seriar dei siste åra.

Og sidan ingen andre verkar å klare å lage noko som er like bra – iallfall etter mi meining – så får sanneleg manusforfattarane Steven Moffat og Mark Gatiss sjå til å lage oppfølgjaren sjølv så snart som mogeleg.

Les også: Sherlock sesong 2 – Held fram i ypperleg stil

Og ja, sesong 3 er på veg. Og nei, me slepp heldigvis å vente to år som sist gong. Før helga la Steven Moffat følgjande tre stikkord på Twitter:

Rotte, bryllaup og bue, altså.

Til samanlikning var førre sesongs tre stikkord: kvinne, hund og fall – som passar godt saman med episodane Scandal in Belgravia (om kvinneleg makt), Hounds of Baskerville (om mystiske bjeffande ting på engelske sletter), og The Reichenbach Fall (om eit fall me enno ikkje har fått alle detaljane om).

Rotte?

Det er alt mange teoriar om kva dei ulike stikkorda tyder, men ein ting har Mark Gatiss alt avslørt om den første episoden: Den er basert på historia The adventure of the empty house.

I denne historia kjem Sherlock attende til London og Watson etter fleire års reise i utlandet. Watson har haldt fram med detektivverksemda, og møter ein gammal boksamlar som viser seg å vere Sherlock i forkledning.

Men, denne historia inneheld ingen rotter, så det spørst om manusforfattarane blander inn fleire historier her. Til dømes historia om gigantrotta frå Sumatra, som Sherlock så vidt snakkar om i ei av historiene sine.

Maniske Moriarty (Foto: BBC).
Maniske Moriarty (Foto: BBC).
Eventuelt, kan «rat» òg vere slang for «tyster» – men kven har i så fall tysta? Og på kven?

Erkefienden Moriarty – i serien spela av Andrew Scott – er etter alle solemerker død, men så er dei verste erkefiendane alltid vanskeleg å kvitte seg med …

Les også: Alt om TV-serier her

Bryllaup?

Ettersom Sherlock nok har vore vekke nokre år er det ikkje utenkjeleg at Watson har gått vidare i livet. Dette kjem nok til å vere hjarteknusande for ein heilt spesiell del av internett, men bryllaupet er mest sannsynleg det mellom Watson og Mary Morstan.

Ho er ikkje introdusert i serien enno, men er Watsons første kone i bøkene.

Nokre av tinga som Moffat har nemnd om tredje sesong har nettopp med buforholda til Sherlock og Watson å gjere, og kor usannsynleg det er at Watson har same romkamerat for alltid.

— Han og Holmes bur ikkje alltid saman, og eg synes det er ein lat måte å gjere det på, har Moffat sagt.

— Dei budde ikkje alltid saman, og kvifor skulle dei det? Ingen deler kollektiv for alltid, så det er mange detaljar me kan få inn der.

Det skal vel òg seiast at Watson på eit tidspunkt i bøkene flyttar saman med Sherlock igjen – men korleis dei tenkjer å løyse det, har ikkje Moffat sagt noko om. I historia The Noble Bachelor utforskar den dynamiske duoen ei bruds forsvinning på bryllaupskvelden …

Les også: Borgen: — Alt du kan ønske deg fra en dansk-svensk spenningsserie!

Bue?

«Bue» kan spele på His Last Bow, meir ei spionhistorie enn dei sedvanlege krim-mysteria, med Sherlock i hovudrolla.

«Bow» kan sjølvsagt òg bety «å bukke» som etter ei forestilling. På slutten av His Last Bow pensjonerar Sherlock seg for å drive med birøkting – noko som i verste fall kan bety at tredje sesong er slutten for Sherlock-serien slik den er i dag.

Steven Moffat har ikkje bekrefta dette, men han har sagt at han hadde synest det var interessant å plukke opp igjen Cumberbatch og Freeman i 2030, for å vise dei to i samspel som 50-åringar.

— Det hadde vore interessant å – om nokre tiår – trekke fram figurane for å sjå korleis dei er då, har Moffat sagt i intervjuer med britiske Radio Times.

Freeman og Cumberbatch har uansett vist interesse for å halde fram med rollene sine. Cumberbatch har til og med gått så langt som å seie at han «alltid vil gjere Sherlock».

Les også: Sherlock Holmes: A Game of Shadows: 1800-tallets James Bond!

Steven Moffat på Comic-Con i 2008 (Foto: Ewen Roberts via Creative Commons)
Steven Moffat på Comic-Con i 2008 (Foto: Ewen Roberts cc-by: http://commons.wikimedia.org/wiki/File:Steven_Moffat.jpg )
Når?

— Bli vant til litt sulteforing, seier Moffat.

— Desse seks filmane (dei seks episodane av serien. – journ.anm.) kunne ha gått på kino. Du kan ikkje fabrikklage dette – det er ein anna type TV-serie.

Steven Moffat arbeider for tida med Doctor Who-serien, medan Mark Gatiss lagar ein dokumentar om den same figuren.

Benedict Cumberbatch spelar skurk i oppfølgjaren til J.J. Abrams Star Trek, og har diverse roller i Peter Jacksons Hobbiten-filmar, som Martin Freeman sjølvsagt spelar hovudrolla i.

Tredje sesong skal starte innspeling i april neste år, og ha britisk premiere hausten 2013. Eg gledar meg som ein liten unge!

Kva forhåpningar har du til Sherlocks framtid?

Hei! Les dette før du skriver en kommentar:
Vi vil gjerne ha engasjerte debattanter og setter pris på konstruktive bidrag til samtalen. Det er lov å være kritisk eller uenig, men hold deg til tema og vær saklig i dine begrunnelser (husk at det er lett å bli misforstått). Personangrep og trakassering er ikke greit - slike innlegg blir slettet. Vi vil også gjerne at du bruker ditt fulle navn når du kommenterer. Takk for dine bidrag, hilsen oss i P3 Filmpolitiet.