Brightspark, eit britisk animasjonsselskap, har nyleg utsatt seg for Disneys harme.

Dei siste åra har det vesle selskapet gitt ut Tangled Up (mystisk lik Tangled), The Frog Princess (ei aning lik The Princess and the frog) og Little Cars (ein tanke lik Cars), og i år kom Braver.

Hittil har dette gått bra, men no har Disney sett seg lei plagiatet.

Braver liknar nemleg ikkje berre, det er ein gamal film med ny innpakning. Filmen kom først ut i 2005 under tittelen Fairy Tale Christmas, men fekk nytt omslag – og ei mystisk raudhåra kvinne på plakaten – rundt Brave-premiera.

Trugar med søksmål

Ifølgje Guardian reagerte Disney med dette fråsegnet:

— Folk stoler på kvaliteten og kreativiteten til Disney, og når eit anna selskap prøver å forvirre Disney-kundar, så må me beskytte oss og kundane. Disney meiner at Brightspark har villeia forbrukarane med mange utgivingar som bryt tilliten forbrukarane har til Disney.

I eit tilsvar frå Brightspark seier dei at det burde vere umogeleg å forveksle dei to.

Braver er eit alternativ for familiar på lågbudsjett, og eg tviler på at nokon ville forveksle vår produksjon med Disneys fantastiske verk.

Mistenkjeleg likt

Og kva er det me skulle forveksle, sa du? Nei, altså. Eg skjønar jo for så vidt at nokon vert forvirra. Her er eit lite utval plakatar frå Brightspark sine filmar – kombinert med heilt tilfeldige plakatar frå andre animasjonstudio.

Har Disney ei god sak om dei bestemmer seg for å saksøke? Legg att di meining i kommentarfeltet.

«Brave»/«Braver»

«Tangled»/«Tangled Up»

«Princess and the frog»/«The frog princess»

«Happy Feet»/«Tappy Feet»

«Cars»/«Little Cars 3: The Fast and the Curious»


Asylum – kongane av rip-off

Brightspark når likevel ikkje Asylum til knea. Asylum er selskapet som nær sagt har gjort lågbudsjettskopiar til rein industri. Når dei ser ein komande storfilm skriv dei manus på eit par veker, speler inn filmen på éi veke – ved god utnytting av location – og gir ut «mockbusteren» omtrent samtidig som filmen dei hermer etter.

Dette i håp om å lure deg idet du plukkar opp ein film på bensinstasjonen, eller andre popkulturelt utfordra menneske som berre vil ha ei julegåve til ein ung slektning. Og på grunn av latterleg låge budsjett tener dei godt på det.

Dette er nokre av Asylum sine filmar det siste året:

«Nazis from the venter of the earth» (Foto: Asylum)

«Abraham Lincoln vs. Zombies» (Foto: Asylum)

«Grimms Snow White» (Foto: Asylum)

«2012: Ice Age» (Foto: Asylum)


Hobbit-kopi

«Age of the hobbits» (Foto: Asylum).
«Age of the hobbits» (Foto: Asylum).

Og deira neste storfilm? Den er – sikkert heilt tilfeldigvis – lik ein komande fantasytrilogi.

Age of Hobbits starta innspelinga si i juli, og er visstnok allereie snart ferdig.

Ved eit høve uttalte ein av Asylums partnarar til New Zealand Herald at ingen av filmane deira har tapt pengar hittil. Dette er sikkert ikkje medrekna den pågåande rettssaka dei har med Universal om Battleship-kopien American Battleship.

Med litt kjapp redigering og kjappe spesialeffektar kan nok The Age of Hobbits vere på heimekinomarknaden allereie rundt juletider – akkurat i tide for besteforeldre som kan snappe med seg «den siste nye filmen» til barneborna sine.

Har du nokosinne blitt lurt til å kjøpe ein såkalla «mockbuster»?