Nintendo bekrefter at Wii U får ei såkalla regionsperre, melder Eurogamer i dag. Dette vil seie at dei held fram med politikken dei har gjort før, der enkelte spel ikkje vil vere tilgjengelege for heile verda.

Dermed vil du ikkje få mogelegheita til å kjøpe japanske spel og spele dei på ein norskkjøpt konsoll.

Les også: Wii U til Norge i november

For større spel – som Mario- og Zelda-seriane – samt mange vestleg-utvikla serier, vil ikkje dette ha så mykje å seie.

«Bayonetta 2» er eit av spela Nintendo håper skal lokke brukarar til Wii U (Foto: Nintendo/Platinum Games).
«Bayonetta 2» er eit av spela Nintendo håper skal lokke brukarar til Wii U (Foto: Nintendo/Platinum Games).

Men for fans av særjapanske serier, som Persona, Animal Crossing eller Pandoras Tower, kan dette i verste fall bety lang venting på europeisk release, eller at ein må kjøpe ein japansk konsoll i tillegg.

Kontroll på kontinentet

Nintendo tek dermed større kontroll over marknaden enn det Sony og Microsoft har gjort med sine maskiner. På Playstation 3 og Xbox er det i større grad opp til utviklarane å bestemme kvar spela deiras skal fungere, noko som stort sett betyr at dei fleste spel anten er tilgjengeleg over alt, eller i det minste vert utgitt nært samtidig over heile verda.

Les også: Så kraftig er Wii U

Tradisjonelt har Nintendo og asiatiske utviklarar brydd seg mest om den asiatiske og japanske marknaden, noko som til dømes har ført til at Animal Crossing og Fire Emblem for 3DS ikkje kjem til Europa og Amerika før 2013 – opptil eit år etter japansk release.

Dei siste åra har Nintendo vore meir imøtekomande mot fans i Vesten, men det ser ikkje ut som det nødvendigvis vert meir opent med Wii U-konsollen. Wii U er tilgjengeleg i Noreg frå 30. november.

Kor viktig er regionfridom for ditt valg av konsoll?