Michael Bay skulle gi seg med «robotar i forkledning» etter den tredje Transformers-filmen. Då var hans visjon oppfylt, og ein stor nok andel av fansen var tilstrekkeleg nøgd med at film nummer tre var betre enn film nummer to.

No derimot, vil Bay halde fram med serien, og vere med på den fjerde filmen også. I eit intervju med Huffington Post avslører han kvifor:

— Eg trudde eg var ferdig, seier han.

Men køene til den nye Transformers-attraksjonen i Universal sin fornøyelsespark ville det annleis:

— Då tenkjer du ‘Herregud, nokon kjem til å ta over serien’. Eg ville lage ein liten film, men studioet ville starte franchisen på nytt. Og tenk om nokon kom inn og øydelagde den, skjønar du?

Les også: Transformers: De beseirede slår tilbake

Starter der den førre slutta

Transformers: Revenge of the Fallen
Michael Bay og Shia Labeouf under innspelinga av den tredje «Transformers»-filmen (Foto: United International Pictures).
For å unngå at ein ny regissør køyrde Bays elska serie til grunne, bestemte han seg difor å halde fram sjølv.

— Eg tenkjer at dersom eg gjer denne éine siste filmen, så gir me den nytt grunnlag, endrar ein del ting – men beheld historia til dei tre førre. Men me utvider det så det kan bli bært vidare – slik kan det få større overlevingssjansar, seier Bay.

Lite er kjend enno, men Bay vil ikkje gjere ein reboot – som tidlege rapportar om filmen snakka om. I staden startar historia der Transformers: Dark of the Moon slutta.

— Me plukker opp der me forlot dei i Chicago, og så tek me det derfrå.

Les også: Transformers: Dark of the Moon

Har han ikkje eit poeng då?

Ein kan seie så mangt om filmskapinga til Michael Bay, men eg skjøner eigentleg tankegangen hans. På same måte som at Peter Jackson neppe ville ha latt nokon andre lage Hobbiten-filmane, så vil ikkje Bay la nokon andre leike med robotane sine.

— Når du har ein franchise, så er det veldig vanskeleg å gi den opp, seier han til Huffington Post.

For tida arbeider han med filmen Pain & Gain som er ifølgje han sjølv er eit steg vekk frå filmane han er mest kjend for. I staden minner den han meir om den første Bad Boys, då han var ein ukjend filmskapar.

— [Studioa] ville at eg skulle gjere noko større, det er ikkje så mange som gjer desse storfilmane. Så difor må du vri armen deiras litt for å gjere dette. Så eg sa, ‘Ok, eg lagar Transformers 4, me lagar denne vesle filmen – me lagar båe to!’

Kven andre enn Michael Bay kunne ha laga ein ny Transformers-film?