— Kvifor nyttar de ordet autentisk,
og ikkje realistisk?

Spelets sjefsprodusent Greg Goodrich er litt var for spørsmålet på årets Gamescom-messe. Etter kontroversen i 2010 – der mogelegheita for å spele som Taliban vart fjerna frå det førre Medal of Honor-spelet etter kraftige protestar – er utviklarane i Danger Close forsiktige i fråsegna sine om Medal of Honor: Warfighter.

— Det er ikkje noko verkeleg med spelet vårt. Det er ikkje noko verkeleg med videospel. Spesielt når ein snakkar om kamp, krig og ofring, og militær teneste, seier Goodrich.

— Når me snakkar om autentisitet er det alt frå våpen, til utstyr, til praten og menneske og stader. Alt det er veldig autentisk, og attkjennande for massane. Men det er framleis eit spel.

Les også: Alle sakene våre frå Gamescom-messa i år

Nær røynda, men ingen simulator

Han framhever spelet som eit underhaldningsprodukt, ikkje ein simulator, som prøver å nå eit spesielt publikum – Medal of Honor-fansen. Dei han meiner har sans for cinematiske førstepersons skytespel som fortel ei historie frå soldatens synspunkt.

— Forhåpninga er at det er i rett tone, med ære og respekt og alt som alltid har vore ein del av Medal of Honor, seier Goodrich.

Enkeltspelerdelen er basert på noko to av Danger Close sine militære konsulentar har arbeidd med. Mykje godsnakking skulle til før dei ville samarbeide med EA om å lage eit spel.

— Det tok mykje overbevising, dei er stille profesjonelle. [Yrkesmilitære] er eit veldig løyndomsfullt samfunn, som eigentleg helst vil at du let dei vere i fred – let dei gjere greia si.

Anmeldelse: Medal of Honor: Warfighter : — Stiller ikke de vanskelige spørsmålene

Hovudpersonen i spelet og hans historie er basert på yrkesmilitæres oppfatting av terrorangrepet i Madrid i 2004. (Foto: EA)
Hovudpersonen i spelet og hans historie er basert på yrkesmilitæres oppfatting av terrorangrepet i Madrid i 2004. (Foto: EA)

— Nokon kjem til å reagere på at me køyrer blå mot blå

Goodrich var òg produsent på 2010-spelet, og medieomtalen då gjekk veldig inn på han. Blant anna vurderte han sterkt oppsigelse fleire gonger, fordi han følte han hadde brote tilliten til det militære samfunnet, som han respekterer høgt.

Nokre av dei ulike laga i Medal of Honor: Warfighter. (Foto: EA)

— Eg ynskjer ikkje kontroversar velkomen, eg trur ikkje det er nødvendig for å selje spel slik enkelte andre verker å tenkje. Eg hatar det.

Les også: Danger Close fjernar Taliban frå enkeltspillerdelen

Medan enkeltspelardelen i Warfighter er ganske lineær, kan ein i fleirspelardelen spele mot kvarandre med spesialstyrkar frå fleire ulike land, deriblant amerikanske SEAL, russiske Spetsnaz og til og med det norske Forsvarets Spesialkommando.

Om det er noko som kan skape kontroversar denne gongen er det dette, meiner Goodrich.

— Nokon kjem til å reagere på at me køyrer blå mot blå, at det er ein sportsmodus. Me har framleis kanadiarar mot amerikanarar, amerikanarar mot tyskarar, og tyskarar mot briter i fleirspelardelen.

— Eg er sikker på at nokon kjem til å kome med den idiotiske ideen om at me har laga eit spel som hyller å skyte på venene sine, eller noko i den duren, avsluttar Goodrich.

Medal of Honor: Warfighter kom for sal i går, 25. oktober.