Great news! The Force is coming to Disney!

Slik opner Disney si pressemelding om oppkjøpet av Lucasfilm. Selskapet som vart starta av George Lucas i 1971 har strukke seg frå «enkel» filmproduksjon til å no omfatte alt mogeleg innanfor film, dataspel og TV-serie-produksjon – deriblant velkjende effektselskapet Industrial Light & Magic.

Prisen skal vere på svimlande 4.05 millarder dollar – rundt 23 milliarder kroner. Dermed er dette det største oppkjøpet Disney har gjort sidan Marvel i 2009, som gjekk for «berre» 4 milliarder dollar.

Les også: Topp 5 Star Wars-scener

Ny Star Wars-film

Like raskt som nyheita om oppkjøpet er ute, er òg nyheita om komande filmprosjekt. Pressemeldinga nemner deriblant Star Wars Episode 7, med planlagt lanseringsdato i 2015.

Nei, okda, me får sikkert ikkje sjå denne med det første. (Bilete: Fan-art, Disney og Star Wars)

— [Oppkjøpssummen fokuserar] omtrent utelukkande på det finansielle potensialet til Star Wars-franchisen, seier Jay Rasule, finanssjef i Disney i pressemeldinga.

— Me forventer at den skal gi oss ein straum av historieforteljingsmogelegheiter i åra som kjem, til heile verda, held han fram.

George Lucas skal fungere som kreativ konsulent og Kathleen Kennedy skal fungere som produsent. Ingen regissør er utnemnd hittil.

— Det er på tide å gi Star Wars til ein ny generasjon filmskaparar. Eg syntest det var viktig å gjere overgangen i mi levetid, og eg er sikker på at Star Wars i Lucasfilm, under Kathleen Kennedys leiing, vil leve vidare og blomstre i mange generasjonar, seier George Lucas sjølv om salget.

Det har vore seks storfilmar frå Star Wars-universet, som har komt ut i kvart tiår sidan 70-talet, no får altså òg 2010-talet sitt bidrag frå sci-fi-serien.

Ifølgje pressemeldinga planlegg dei ein ny film kvart andre eller tredje år i tida som kjem.

Melding: Star Wars: The Complete Saga: Stjerneklar stjernekrig på Blu-ray!

Det må vere lov til å vere skeptisk, men…?

Dette kan sjølvsagt gå båe vegar. Det eg kanskje er mest glad for er at Lucas trår ned som regissør, og inntek ei konsulentrolle på manussida. Det er det same han har gjort på den animerte TV-serien, som er overraskande underhaldande!

Samtidig er Disney fullt av gode regissører. Deriblant Pixar-regissørane Andrew Stanton (John Carter) og Brad Bird (Mission Impossible: Ghost Protocol) som blant anna gjer filmar innanfor Disney sine lisensar.

Ein må òg hugse årets The Avengers, ein klassisk serie, no styrt av Disney – som resulterte i ein grisefeit film.

Kjære Disney. Mindre av dette, meir god film laga av folk som elsker universet. Venleg helsing, fan.

Samtidig er òg Disney glad i utstrakte serier for pengane si skuld – deriblant Pirates of the Caribbean-serien.

Og når dei allereie har planlagd opptil tre-fire filmar til – utan å ha gitt publikum eit hint om handling eller stad – må det vere lov til å vere skeptisk, inntil vidare.

Melding: Pirates of the Caribbean: On Stranger Tides: …en økonomisk suksess uansett hva jeg måtte mene, men jeg vet ikke om den fortjener det

Ikkje berre Star Wars

Oppkjøpet betyr òg at Lucasfilm sine andre franchiser går til Disney. Dette betyr at alt innanfor Star Wars og Indiana Jones, men òg selskapets mange spelserier, som Monkey Island og for så vidt, Grim Fandango.

Dermed befester Disney seg som den absolutt største mastodonten i underhaldnings-bransjen i dag, spesielt ettersom dei har både Marvel og Pixar under vengjene allereie.

Nokon vil kanskje til og med seie at dei er eit imperium…?

Kven bør få regissere Episode 7? Når blir Disney for store?