Tidlegare i haust har Valve-sjef Gabe Newell kritisert Windows for det lukka systemet i Windows Store, som han meiner er ei katastrofe for utviklarar i PC-marknaden. I éin av dei komande Windows 8-versjonane er nemleg den Windows-kontrollerte butikken den einaste måten å laste inn spel på.

Newell har òg tidlegare kritisert Apple for det same i deira App Store, og han meiner at ein god del av suksessen til Valve har kome av at dei nettopp har hatt opne plattformer å utvikle og arbeide på.

Kanskje er det difor Valve litt diskret har byrja å legge ut ikkje-spel på Steam, for å dyppe tåa i vatnet og vere eit alternativ til dei eksisterande storbutikkane?

Hovudsakleg spelrelatert likevel

Programma Steam har lagt ut er framleis spelrelatert, om dei ikkje sjølve er spel. I juni la dei ut Source Filmmaker, eit animasjonsprogram for Valve-spelfigurar, og alle programma dei har lagt ut i dag kan òg vere hjelp dersom du ynskjer å lage dine eigne spel.

Les også: Greenlight: Bestem kva spel som skal kome på Steam

Blant programma dei har lagt ut er GameMaker, ein motor der du kan lage dine eigne spel. XBLA-suksessen Spelunky er opphavleg laga i dette.

Andre program er 3D-Coat, ArtRage Studio Pro, Camerabag 2 – alle program som kan nyttast til kreativ skaping av element til eit spel. Desse kan ta seg nytte av SteamCloud, Valves skyteneste for deling av programfiler, slik at du kan arbeide med prosjekt på fleire maskiner.

I tillegg kan programma 3DMark Vantage og 3DMark 11 måle ytelsen til maskina di.

For å halde på spelkjensla har GameMaker utmerkingar (achievements) du kan få ved å gjere spesielle oppgåver i programmet. Det er sikkert noko Microsoft kan ta til seg.

Clippy er tilbake! (Foto: Faksimile, Microsoft)
NOT ACTUAL FOOTAGE: Kva hadde hendt om Microsoft hadde følgt Valve/YoYos eksempel og lagt achievements i program? (Montasje, Microsoft)

Eller ikkje …

Kva trur du om Valve som konkurrent til Windows og Apple på sal av programvare?