Spelbransjen viser igjen at den er ein av dei største underhaldningsindustriane i verda. Førre veke slo Halo 4 til med salstal over 1.7 milliardar kroner på verdsbasis. Dette vart så slått grundig i støvlane av Black Ops 2 som selde for nesten 2.9 milliardar kroner i løpet av den første salgsdagen.

Halo 4. (Foto: 343 Industries / Microsoft)
Sjølv om «Halo 4» var Microsofts største spellansering nokosinne måtte dei sjå seg slått av Activisions «Black Ops 2». (Foto: 343 Industries / Microsoft)

— Me meiner at Call of Duty er den største underhaldningslanseringa for fjerde år på rad, sa Activision-sjef Bobby Kotick i ei pressemelding på fredag.

Og det kan sjå ut som om han fekk rett!

Melding: Call of Duty: Black Ops 2: Viser sin styrke i historiefortellingen!

Samanliknar seg med filmverda

Til trass for at spelbransjen i 2012 seljer betre enn på kino- og heimekinomarknaden, har dei framleis eit lite mindreverdigheitskompleks i samanlikning med film- og TV-bransjen.

Kotick slår seg på brystet med tala som viser at innteninga for heile Call of Duty-serien er større enn kinosalet for både Star Wars– og Harry Potter-filmane. Men, det bør seiast, ein kinobillett kostar (heldigvis) ikkje rundt 500 kroner per gang.

Activision har ikkje sleppt dei faktiske salgstala enno, noko som kan bety at Black Ops 2 – til trass for rekordstore summar – ikkje selde meir enn dei 6.5 millionane eksemplar som Modern Warfare 3 gjorde i løpet av sine første 24 timar.

Men det kjem òg an på kva tal Activision har teke med; digitale salg, butikkforteneste og leigespel er det som til slutt skal gjere opp kassa for Activision si største premieku.

Les også: Treyarch-sjef: — Det er ikke noe politisk bak «Black Ops II»

I år er The Avengers framleis (inntil vidare) årets mestseljande totallansering, med om lag 8.7 milliardar kroner i kinobillettar sidan lanseringa i sumar, med det som ser ut til å bli eit godt år for heimekinosal i tillegg.

Trur du neste Call of Duty-spel kan halde fram med å slå rekordar?