Motstandarar av ‘dataspel som kunst’-debatten har fått endå ein spikar i kista. MoMA, New Yorks museum for moderne kunst, har nemleg plukka opp 14 spel til samlinga si, med mål om å samle 26 til.

– Desse spela er eit utmerkte eksempel på interaksjonsdesign, ein av dei mest viktige og oftast diskuterte kreative uttrykksmåtane for samtidsdesign, skriv kurator Paola Antonelli i ein bloggartikkel.

I utvalet sitt legg dei vekt på ikkje berre grafikk og utsjånad og betydning for spelhistoria, men alt frå kva reaksjonar det får frå spelarane til kor elegant koden i spelet er.

  • MoMAs liste
  • Pac-Man (1980)
  • Tetris (1984)
  • Another World (1991)
  • Myst (1993)
  • SimCity 2000 (1994)
  • vib-ribbon (1999)
  • The Sims (2000)
  • Katamari Damacy (2004)
  • EVE Online (2003)
  • Dwarf Fortress (2006)
  • Portal (2007)
  • flOw (2006)
  • Passage (2008)
  • Canabalt (2009)
Ikkje alle dei mest openbare

Samlinga (som du kan sjå til høgre) spenner over tre tiår med alt frå klassiske Pac-Man til mobilspelet Canabalt. Men det er ikkje rart om du saknar nokre av dine favorittar, skriv Antonelli.

– På grunn av det tronge filteret me tillegg alle kategoriar i MoMA-samlinga, så inneheld ikkje samlinga nokre av dei mest populære spela som kan verke som openbare for spelhistorikarar.

Dermed er verken Angry Birds eller Call of Duty på lista, men i staden merksnodige gullkorn som Katamari Damacy eller utilgjengelege tidshol som Dwarf Fortress.

Målet er å samle 40 spel i ei utstilling der folk skal kunne spele, teste og utforske dei ulike spela – anten i si originale form, som demoversjonar eller i MMO-et sitt tilfelle, ei omvising i ei gigantisk verd.

Anmelding: Touch my Katamari: Oppfølger til kultklassiker

(Artikkelen held fram under desse videoane som viser nokre av spela)

Klassikaren Pac-Man frå 1980

Sim City 2000 let deg byggje verdsmetropolar

I Fl0w er det et eller bli spist framstilt med nydeleg musikk

Dwarf Fortress: Utilgjengeleg, tidssluk, FUN!


Dei resterande 26?

I tillegg til desse 14 augnar MoMA òg ein liten haug med klassikarar som dei håper å få inn i samlinga, 22 spel er på planen frå Pong og heile vegen opp til Minecraft.

«Spacewar! (1962), an assortment of games for the Magnavox Odyssey console (1972), Pong (1972), Snake (originally designed in the 1970s; Nokia phone version dates from 1997), Space Invaders (1978), Asteroids (1979), Zork (1979), Tempest (1981), Donkey Kong (1981), Yars’ Revenge (1982), M.U.L.E. (1983), Core War (1984), Marble Madness (1984), Super Mario Bros. (1985), The Legend of Zelda (1986), NetHack (1987), Street Fighter II (1991), Chrono Trigger (1995), Super Mario 64 (1996), Grim Fandango (1998), Animal Crossing (2001), and Minecraft (2011).»

Les også: Er dette verdens største Pong-spill?

Nokre manglar vil eg seie at lista framleis har. Sjølv om det kanskje er meir spelhistorisk viktig enn nødvendigvis kunstarta ser eg gjerne for meg eit av dei tidlegare bransjeomveltande FPS-spela her. Portal dekkjer kanskje ein del av det, men kva med Doom?

For øvrig, dersom Journey ikkje vert blant MoMas 40, så skjønar eg ingenting!

Kva tykkjer du bør vere på lista? Kva burde ikkje vere på lista?

Hei! Les dette før du skriver en kommentar:
Vi vil gjerne ha engasjerte debattanter og setter pris på konstruktive bidrag til samtalen. Det er lov å være kritisk eller uenig, men hold deg til tema og vær saklig i dine begrunnelser (husk at det er lett å bli misforstått). Personangrep og trakassering er ikke greit - slike innlegg blir slettet. Vi vil også gjerne at du bruker ditt fulle navn når du kommenterer. Takk for dine bidrag, hilsen oss i P3 Filmpolitiet.