Nintendos nyaste konsoll er ute i Nord-Amerika, og allereie har utviklarar byrja å murre over krafta til Wii U. Oles Shishkovtsov, teknisk direktør ved ukrainske 4 A Games var så lite nøgd med Wii U at dei gav opp å utvikle sitt seinaste spel for den.

— Wii U har ein frykteleg treig prosessor, seier han til NowGamer og seier det var difor Metro: Last Light mest sannsynleg aldri dukkar opp på Wii U.

Multiplattformproblem?

Dette er ikkje første gong ein multiplattformsutviklar har uttalt seg negativt om prosessorkrafta til Wii U-en, tidlegare i haust uttalte ein utviklar til Eurogamer at han ville vere bekymra om han skulle måtte lage eit spel til Wii U som samtidig skulle vere på neste generasjons konsollar. Nytt med dette fråsegnet er at Shishkovtsov i tillegg meiner at den ikkje held oppe standarden til Xbox 360 eller PS3 heller.

(Artikkelen held fram under biletet.)

«Metro: Last Light». (Foto: THQ)
«Metro: Last Light». (Foto: THQ)

Huw Beynon, som arbeider for distributøren THQ, bekrefter situasjonen, og meiner at utviklinga ville ta for mykje tid og pengar:

— Me trudde me skulle ha fått det til, men med tanke på innverknaden det ville ha på kvaliteten på spelet – mest sannsynleg til det verre – så fann me ut at det ikkje ville vere verdt tida akkurat no.

Verken Bunyon eller Shishkovtsov seier derimot ikkje noko om skjermkortet eller grafikkprosessoren, som etter meldingar å døme skal vere kraftigare enn både Xbox 360 og PS3-ens. Det bør òg seiast at dei fleste av den førre generasjonens konsollar òg fekk liknande kritikk då dei kom ut.

Trailer for Nano Assault Neo

Utviklarane bak skytespelet Nano Assault Neo var derimot overraska over kor mykje Wii U-en kunne få til, og meiner den er ei stor forbetring frå Wii.

— På Wii visste du kva som var mogeleg å nytte. På Wii U kan du ta mange vegar for å angripe eit problem. Så eg er ganske sikker på at me får sjå mykje stilig på Wii U når utviklarane kjenner den betre, seier Manfred Linzner til Not Enough Shaders.

Les også: Stem fram historiens beste spillkonsoll – vinn en Wii U

Ingen veg tilbake for Nintendo

Ifølgje Bill Trinen, marknadssjef for Nintendo America, har Nintendo ingen fleire Wii-spel undervegs, skriv Games Industry. Dermed kan det sjå ut som om Kirby-antologien Dream Collection vert det siste Nintendo-utvikla spelet til Wii-konsollen.

Konsollen har fått litt blanda mottaking av anmeldarar så langt. Den foreløbige konsensusen er at dei ynskjer Nintendo-spela i HD velkomen, men kritiserar Nintendo for dårleg batteritid på den handhaldte skjermen – som trass alt er eit viktig salgsargument for Nintendos nyaste.

Wii U kjem til Noreg den 30. november, følg med på Filmpolitiet for vår meining!