Er det tværing av ein allereie utstrakt – og tullete populær – spelserie? Absolutt. Eg vart litt skeptisk då animasjonsfilmen Rio fekk sitt eiget spel, og desto meir skeptisk då eg fekk vite at Star Wars var neste punkt ut på lista. Men akk så feil eg tok!

Har du ikkje sansen for dei andre spela i serien, kan du raskt skippe over dette òg. I bunn og grunn er oppskrifta lik, og om du har eit forhold til Angry Birds frå før vil dette berre forsterke meininga di – anten du tykkjer det er keisamt eller morosamt.

Denne gongen er fuglane dine erstatta med Star Wars-fjærkre som skal angripe Imperiets grønne svin. Dette gjerast som vanleg med ein stor sprettert, og fuglane har i tillegg fått spesielle eigenskaper basert på personane dei skal likne på. Blant anna kan Han Solo skyte, Luke nytte lasersverdet, og Obi-Wan dytter objekter med Kraften.

Star Wars Angry Birds. (Foto: Rovio)
Star Wars Angry Birds. (Foto: Rovio)

Les også: Ny Star Wars-film i 2015

Nok karakteristikk til å gi spelet eigenverdi

Men med det førre spelet, Angry Birds Space fekk spelet ein ny dimensjon å leike seg i – gravitasjon. Og i Star Wars Angry Birds vert dette ytterlegare utvida med fiendar som i større grad slåss attende (med laser!).

Mitt éine ankepunkt mot serien er framleis at tilfeldige skot ut i lufta framleis like ofte kan vere årsaken til suksess som nøye innsikta treffpunkt. Men med meir varierte baner enn før er det ikkje like viktig lenger.

Angry Birds sin grunnformel – mange småbrett i temaer, tre stjerner per brett – har blitt ein industristandard. Ikkje utan grunn. Med Star Wars-tema har dei sinte fuglane kanskje nådd toppen av sitt potensial? Dei siste rykta ymtar frampå om ein film med Angry Birds i hovudrolla. Då vil tværinga ha gått for langt.

Pris: 7 kroner i Apple Store, gratis i Google Play.

Om SPILLET

  • Slippdato:
  • Plattformer:
  • Sjanger: