Duncan Jones på Source Code-premiere. (Foto: REUTERS/Fred Prouser)
Duncan Jones på Source Code-premiere. (Foto: REUTERS/Fred Prouser)

Filmatiseringa av Warcraft-universet har gått som ein sprettball i Hollywood-systemet sidan 2006. Planar har kome og gått, og sjølvaste Sam Raimi var på eit tidspunkt knytt til prosjektet – utan at det heller førte til noko handfast.

No er Duncan Jones knytt opp til prosjektet, melder THR, og vil i så fall ta det første steget opp i storbudsjettsfilmar.

Jones, som ved sidan av å vere David Bowies son er mest kjend for meir tankefull sci-fi som i Moon og Source Code.

Ifølgje tidlegare planer skulle han ha arbeidd på ein biografisk film om James Bond-skapar og Roald Dahl-ven Ian Fleming. Det kan no sjå ut som Ian Fleming-filmen er utsett, for Legendary og Blizzard planlegg produksjonsstart til hausten med planlagd premiere i 2015.

Anmelding: WoW – Mists of Pandaria: – Bringer gløden tilbake!

Legendary og Blizzard håper nok å gjenskape noko av denne magien på det store lerretet.

Stort univers

Warcraft-verda går såpass langt tilbake som 1994, og spelet Orcs and Humans, men har med onlinespelet World of Warcraft utvida universet og rasane betrakteleg.

Det er ikkje kjend kva handlinga i manuset er, men i 2007 skulle handlinga gå føre seg frå Alliance-sida, den «snille» fraksjonen av dei mange rasane på planeten Azeroth.

Sidan då har manuset endra hender fleire gonger, og den siste versjonen er skriven av Charles Leavitt som tidlegare har stått bak filmar som Blood Diamond og K-Pax.

Med spel, teikneseriar og bøker allereie skrive frå universet er det mykje å ta tak i for Duncan Jones og resten av crewet. Med ei Twitter-melding i natt, viser han at han tek ansvaret på alvor:

Anmelding: Source Code: – Hva er virkelighet, hva er tid og hva er minner?

Før eg avsluttar, ein liten «fun fact»: Uwe Boll – tyskaren som er viden kjend for å lage dårlege filmar basert på dataspel – etterspurte tidleg i prosessen om han kunne få rettane til filmen. Svaret han fekk, ifølgje seg sjølv, var:

– Me sel ikkje filmrettane, ikkje til deg … spesielt ikkje til deg.

Kor mykje vil me eigentleg sjå ein film frå World of Warcraft-universet?