I romjula 2004 skylte ein tsunami over Aust-Asia, over 230.000 menneske døydde i bølgjene og det påfølgjande kaoset. Det er denne rådlausheita regissør Juan Antonia Bayona ville fange, i katastrofefilmen The Impossible.

Det er nesten rart at skrekkfilmar treng å ty til overnaturlege figurar når naturen i seg sjølv kan vere så skremmande – og med ei stødig, om enn litt pompøs, hand vert me vist vegen til sikkerheita.

Fin juleferie – enn så lenge. (Foto: Nordisk Filmdistribusjon)
Fin juleferie – enn så lenge. (Foto: Nordisk Filmdistribusjon)

Ei litt annleis jul

Den britiske familien Bennett – ekteparet Henry (Ewan McGregor) og Maria (Naomi Watts), og deira tre søner førebur seg på ei roleg jul i Thailand.

Dette vert måla med bilete me alle kjenner oss igjen i. Den siste skepsisen til om ein har hugsa alt, den vesle forvirringa på eit nytt hotell, smilet over å vere nøgd med rommet sitt, samt den barnslege gleda av å kaste seg i bassenget første gong.

Så intreff katastrofen, og familien vert splitta i fleire deler. Maria og eldstesonen Lucas, og dei andre kvar for seg. Klarer dei å finne attende til kvarandre, tru?

Anmelding: Fair Game: – Naomi Watts i velspilt drama

Frå spansk til britisk

The Impossible er i utgangspunktet ein spansk film (Lo imposible!). Omtrent alle bak kamera er spanske, inkludert regissør Bayona, og historia som er basert på forteljinga til spanske Maria Belon og hennar familie.

I filmen har figurane blitt engelske – mest sannsynleg for å appellere til eit større engelsktalande publikum. Figurane sin kamp for å finne kvarandre står sentralt, men filmen gløymer heller ikkje landa dette hendte i.

Særleg lenger enn utzooma landskapsbilete som viser den utrulege fortapinga Thailand var i får me ikkje. Vel, det er trass alt «vår» familie me følgjer, og menneska dei møter langs vegen tek ei mindre rolle i historia.

Anmelding: Under huden: – En historie om kropp, død, sorg, hevn og kjærlighet

(Artikkelen held fram under biletet.)

Ewan McGregor og to av sønene i The Impossible. (Foto: Nordisk Filmdistribusjon)
Me kjem nært på den vesle familien i The Impossible. (Foto: Nordisk Filmdistribusjon)

Ulmande paradis

Den førre filmen til Bayona var det Guillermo del Toro-godkjende skrekkdramaet The Orphanage. Filmen var ikkje nødvendigvis så skummel, men likevel god på å skape ei grøssande forventning til kva som venta ved neste dønning.

Stemninga og forventninga er framleis med i The Impossible. Kanskje mest fordi me veit kva som kjem til å hende, og kva det fører til, men filmen får sjølv paradis til å ulme faretrugande.

Naomi Watts og Tom Holland i The Impossible. (Foto: Nordisk Filmdistribusjon)
Forholdet mellom mor og son vert tettare i . (Foto: Nordisk Filmdistribusjon)

Av og til går det derimot litt over i det overdrivne, især med anmassande musikk. «Føl!» skrik den. Den måtte nesten ignorerast for å gi plass til det som The Impossible gjer bra.

Anmelding: The Orphanage: – Troverdig uhygge

Velspelt kaos

Det som verkeleg imponerer er nemleg kjensla av kaos. Effektane er utmerkt gjort, og vatnet – og dei påfølgjande skadane – er ei kvelande masse av død, realistisk framvist.

Midt oppi dette er Naomi Watts filmens sterkaste kort. Når ho får kjenne på det som har hendt rundt Maria er ho, og Tom Holland som spelar hennar eldste son, dei som gir eit ansikt til katastrofen.

Scenene som tvinger oss midt oppi det, er hardtslåande og vonde. Det er ei sterk skildring av landskap, skada kroppar og alle mogelege lagnader eit turistparadis i oppløysing kan vise. Filmen er best når figurane i filmen har det som verst.

Les også: Topp 5: Overlevelsesfilmer

Så får det så vere at slutten kan kjennast ut som eit antiklimaks – som noko som berre hender på film. Det er vel fordelen med historier basert på sanninga, dei kan få ting som faktisk har skjedd til å verke litt umogelege.

Om FILMEN

The Impossible
  • The Impossible
  • Slippdato: 4. januar 2012
  • Regi: Juan Antonio Bayona
  • Utgiver: Nordisk Film Distribusjon
  • Originaltittel: Lo imposible
  • Sjanger: Action, Drama, Historisk