Ved hjelp av såkalla folkefinansiering – frivillige donasjonar frå publikum – ynskte det norske selskapet Red Thread Games å samle 850 000 dollar til spelutviklinga si, med ei tidsramme på 30 dagar. Litt over åtte dagar – og rundt 13 000 mennesker – tok det før Ragnar Tørnquists Drømmefall-oppfølgjar nådde sitt Kickstarter-mål.

– Takk for støtta, me set verkeleg, verkeleg pris på det. Me vert audmjuke av all entusiasmen, sa Tørnquist i ein oppdateringsvideo på Kickstarter i kveld.

Kickstarter er vald for å halde seg fri frå dei store utgivarkreftene, for å kunne ha meir kontroll over produktet. Til gjengjeld får dei som støtter spelet belønninger basert på kor mykje pengar dei gir.

Les også: – Jeg tror dagene er talte for de store spillutgiverne

Då dei i går byrja å nærme seg måla, la dei ut ein video for å vise den første fungerande prototypen av spelet – ei litt hakkete vandring med hovudpersonen Zoe i eit naturlandskap.

Utvida pengemål

Eventuelle penger som kjem inn i løpet av dei komande 21 dagane vil no bli nytta til å nå utvida mål, som selskapet avslørte i går. Med 270 000 norske kroner til – 50 000 dollar – satser dei på å lage Mac- og Linux-versjonar av spelet.

«The Longest Journey Home»? (Foto: Red Thread Games)
«The Longest Journey Home»? (Foto: Red Thread Games)

Om kampanjen når 950 000 dollar totalt vil spelet få ein ekstra bibliotekar-figur med stor kunnskap om universet. Om den når éin million dollar vil spelet utvidast, og bli lengre.

Resten av dei utvida måla avslører dei ikkje, men dei hintar til The Longest Journey Home med eit bilete av hovudpersonen April Ryan frå 1999-spelet Den lengste reisen ved oppnådde 2 millioner.

Drømmefall hadde ei historie som kom halvveges og stansa der – med vilje, har Tørnquist sagt til oss tidlegare.

Les også: – Jeg har fått henvendelser fra fansen hver dag i seks-sju år

Tidlegare har Tørnquist avvist remakes av klassikaren frå 1999 fordi Red Thread Games ikkje har lisensen til spelet (den ligg framleis hjå Funcom), men med meir pengar – kven veit kva som hender?

Kva meiner du om denne måten å finansiere prosjekter på?