Spelefilmen 3096 days er basert på Natasha Kampusch sitt liv i fangenskap hjå kidnapparen Wolfgang Priklopil. Tittelen speler på antalet dagar Kampusch var innesperra i kjellaren, og deler namnet med sjølvbiografien ho skreiv i 2010.

Kampusch sjølv har fått lese manuset, men har ikkje hatt noko påverknad på filmen ellers. Til BBC seier ho at det var umogeleg å stanse skildringane av overgrepet på film – og at hennar reaksjon var blanda:

Antonia Campbell-Hughes og Thure Lindthardt. (Foto: AFP PHOTO / ODD ANDERSEN)
Filmens hovudrolleinnehavarar, Antonia Campbell-Hughes og Thure Lindthardt, på premiera. (Foto: AFP PHOTO / ODD ANDERSEN)

– Det rørte mange ting opp igjen. Sjølvsagt vart eg teken attende til det som hendte. Det var ei belasting, men òg ei letting mot slutten.

Kampusch deltok på premiera, og på ei pressekonferanse etterpå. Der var òg skodespelaren som speler ho på film, britiske Antonia Campbell-Hughes:

– Det handler om evna folk har til å overleve under harde forhold, men òg om dei grå områda i forholdet som folk ikkje nødvendigvis forstår, seier ho til britiske ITN News.

Les også: Hun skal spille Natascha Kampusch

– Eg måtte forstå han

Filmen er basert på boka, men òg på lekkasjer frå politiavhøyr med Priklopil og Kampusch. I rolla som overgriparen finn me danske Thure Lindhardt, kjend frå blant anna Flammen og Citronen og NRK-serien The Spiral. Han sleit hardt med å spele ein mann med eit slikt omdømme.

– Det er så skrekkeleg og forferdeleg det han gjorde. For meg som person var det viktig å kunne dømme han slik eg ville, men som ein skodespelar må eg late vere å døme, forklarer Lindhart BBC.

– I så fall kunne eg ikkje ha spelt han, eg måtte forstå han på ein eller anna måte.

Den ekte Priklopil tok sitt eiget liv etter ei politijakt i 2006. I boka skriv Kampusch at ho har fått mykje kritikk av sine byborgarar for ikkje å ta den offentlege rolla som «offer», i staden ville ho forsøke å ikkje late hendinga ta ei slik makt over livet sitt.

3096 days har foreløpig ikkje fått ein norsk kinodistributør.