Ikkje alle kan vere muskuløse og innbitne heltar. Nokon må stå ein stad langs sidelinja med kald kaffi-cola-blanding for å hjelpe andre i mål, og etter det går dei heim og utøver ein hobby eller lager mat.

Slike folk må òg få sine filmar tykkjer eg, og det vil regissør Pablo Larrain gi dei.

Stem nei er eit småsarkastisk, men visuelt utilgjengeleg tidsutsnitt frå eit Chile i full omvelting. Og om ein sentral person som eigentleg ikkje er ein helt.

Gael Garcia Bernal i Stem Nei. (Foto: Arthaus)
Gael Garcia Bernal i Stem Nei. (Foto: Arthaus)

Ja, eller nei?

René Saavedra er ein ung, chilensk reklamemann med eit lass reklameidear frå sitt eksiltilvære i det store utland. I 1988 påverkar impulsar frå utlandet Chile sterkt – både i reklameverda, og den høgst ustabile politiske verda.

General Augusto Pinochet har, etter internasjonalt press, opna for ei folkeavstemming om han skulle få halde fram som eineveldande president.

Eit enkelt spørsmål: Ja, eller Nei? Saavedra får tilbodet om å ta for seg kampanjen for Nei-sida, noko som tyder ei real utfordring, men samtidig trugsmål frå den rådande politiske makta mot seg og sonen – dersom han skulle lukkast.

Gael García Bernal er den leiande søramerikanske stjerneskodespelaren for tida, det er det ingen tvil om. Forutan det som verkar som ei fantastisk evne til å velje roller, sånn sett bort frå Casa de mi Padre, så hjelper det jo òg at han speler fantastisk. Dette gjeld òg i Stem nei.

Anmelding: Motorsykkeldagbøkene: – Kort, men hyggelig blikk på en legendarisk mann.

Likegyldigheitas herrar

Innimellom eit sett med ulike lagnader, er det artigaste samhandlinga mellom René og hans sjef Lucho Guzmán (Alfredo Castro) – som arbeider for ja-sida. Med like mengder profesjonell respekt og politiske brytningar ender dei på kvar si side i kampanjepolitikken, og trefningane deira er det beste i filmen.

Ettersom Pinochet ikkje er diktator i Chile framleis – og filmen trass alt heiter Stem nei – er det vel inga overrasking om eg seier at kampanjen til René slår gjennom. Ei flott scene frå tida etter at diktatoren er styrta viser kor pragmatiske reklamefolk kan vere.

Litt som advokatar – idet saka er over startar ein ny kvardag der ein har noko anna ein skal vere brennande oppteken av – uansett om det er så trivielt som ei brusreklame. Trass at dei kjemper for kvar si politiske handling, er dei langt frå politiske heltar – dei er på jobb.

Sett gjennom TV-kameraet

Eit ankepunkt mot Stem nei kan vere valet om å skape heile filmen på U-matic – ein nyheitskamerakassett frå 70-talet. Det gir på alle måtar ein veldig riktig tidskoloritt til filmen, og saman med produksjonsdesignet – ned til hovudperson Renés rottehalefrisyre – er det gjennomført til fingerspissane.

Regissør Larrain har uttalt at det nok er den litt utilgjengelege utsjånaden som vil hindre Stem nei frå å vinne prisar. Han var nok vél pessimistisk, filmen har iallfall blitt nominert til Oscar for beste ikkje-engelskspråklege film.

Men ein kan skjøne poenget hans. I ein kvardag der sjølv heimelaga Youtube-videoar av kattar er i sylskarp HD og widescreenformat, tek det litt tid å bli vand til eit format som mest av alt kan minne om TV-bileta frå Berlin-murens fall. Er me bortskjemde?

Eit modig val, men samtidig forvirrar det i scenene der ein viser nyheitsbilete – både dei verkelege frå 1988, og dei som forsøker å gjenskape TV-sendingar frå denne tida.

Stem nei. (Foto: Arthaus)
Stem nei. (Foto: Arthaus)

Oscar 2013: Stem på dine favorittar, si din meining og vinn fet filmpakke!

Tar kanskje ikkje hardt nok i?

Stem nei er ikkje heilt som Don Drapers maniske jakt på ein idé i Mad Men, men den skildrar kjensla om å arbeide fram idear godt, sjølv om den overskyggjer det emosjonelle dramaet.

Både i filmen, og i teaterstykket den er basert på, er reklamens makt noko overdrive. Dei to som inspirerte rolla som René har bittesmå roller i filmen, men på lerretet speler dei forkjemparar på ja-sida. Med historia såpass fjerna frå verkelege personar kunne kanskje Larrain ha teke endå større sjansar med manus, og gjort meir med figurane.

Filmen lir litt av same dilemma som sin hovudperson, den sit på gjerdet. Men midt mellom satiren og sentimentaliteten i filmen – som båe kunne ha blitt framheva med stort hell – er det framleis noko som er veldig sjåverdig. Trass manglar, dette er ikkje eit blankt nei.

Om FILMEN

Stem nei
  • Stem nei
  • Slippdato: 08.02.2013
  • Regi: Pablo Larrain
  • Utgiver: Arthaus
  • Originaltittel: No
  • Sjanger: Drama