For eitt år sidan kom nyheita om at Kon-Tiki-regissørane Joachim Rønning og Espen Sandberg skulle lage ein film basert på Lars Saabye Christensens roman, Beatles. Nyleg vart det òg kjend i Dagens Næringsliv at Norsk Filminstitutts støtte til filmen avheng av at dei får på plass musikkrettane til musikken som bekler oppvekstromanen. Dermed var det knytt stor spenning til om dei gjenlevande medlemmene av Beatles ville seie ja.

Dei gjenlevande bandmedlemmene Paul McCartney og Ringo Starr, samt familiemedlem av George Harrison og John Lennon må nemleg alle takke ja til bruk av musikken. No har den norske filmen fått tillating til å nytte eit knippe av låtane til den komande filmen, melder VG i dag:

Produsent Jørgen Storm Rosenberg, her i samanheng med ungdomsfilmen «Switch». Foto: Håkon Mosvold Larsen / SCANPIX
Produsent Jørgen Storm Rosenberg, her i samanheng med ungdomsfilmen «Switch». Foto: Håkon Mosvold Larsen / SCANPIX

– Me har forklart kor ekstremt viktig boka er i norsk bevisstheit, kor viktig musikken er i historia, og kva slags film me har ynskt å lage. No får me nytte Beatles-musikk skriven av Lennon og McCartney, og ikkje nok med det: Originalinnspelingane som alle har eit nært forhold til, seier filmens produsent, Jørgen Storm Rosenberg.

Gjennom lobbyverksemd og eit spesialdesigna LP-cover med sitat frå mellom anna Magne Furuholmen og Jo Nesbø har dei forsøkt å appellere til alle i gruppa, og i dag har dei fått signaturen frå alle partar.

Les også: Lars Saabye Christensens bok «Beatles» blir film

Beatles er notorisk vanskelege

– Eg er jævlig imponert. Det er ein fantastisk start for dei, seier programleiar for P1s musikkprogram P.I.L.S, Finn Tokvam.

– Beatles er jo berømte for å passe ekstremt godt på sine verk. Dei har jo berre blitt større – det er 40 år sidan sist innspeling, men fleire og fleire arbeider med den lyden. Det har alt å seie for filmen, og det vil nok vekkje oppsikt utad.

Finn Tokvam i P.I.L.S. (Foto: Jon Annar Fordal / NRK)
Bård Ose (t.v.) og Finn Tokvam i P.I.L.S. (Foto: Jon Annar Fordal / NRK)

Beatles var til dømes blant banda som tok lengst tid å få ut på iTunes, grunna krangling mellom Apple og Beatles eiget plateselskap, Apple Records. Tokvam har sjølv fått merke Beatles-byråkratiet på kroppen då han han og medprogramleiar Bård Ose i 2007 la ut alle 212 Beatles-songar i podcastform i spalta Vår Daglige Beatles.

Dei fekk raskt eit krav om å ta det ned frå nettet.

– Det vart jo ei verdsnyheit, ‘Endeleg er Beatles tilgjengeleg på internett’. Men det vart stansa, det gjekk jo heilt til topps i systemet og advokatane kom inn. Men eg er litt stolt over å ha kome i Rolling Stone Magazine, humrer han.

Les også: NRK må dessverre stoppe Vår daglige Beatles

– Vanskeleg utan å nytte musikken

Fleire andre filmprosjekt om Beatles – frå tyske Backbeat til den komande filmen om manageren Brian Epstein – har måtte klare seg utan originalmusikk. Finn Tokvam meiner at historia om gutegjengen Kim, Ola, Seb og Gunnar på 60-talet er avhengig av å ha med Beatles-låtane. Måten dei ventar, oppdagar og opplever musikken er sentralt, og det han hugsar best frå boka:

– Heile Beatles er jo magien i historia, kanskje det er det som har appellert til dei når dei har sagt ja. Det hadde vore vanskeleg å lage filmen utan å nytte musikken, Beatles er eit fantastisk symbol på den tida.

Produsent Stormberg vil ikkje avsløre verken kor mykje det kosta, og spesielt ikkje kva songar dei har fått lov til å ta med i den endelege filmen.

– Det ynskjer eg ikkje å fortelje. Det blir som å fortelje om hovudpersonen døyr, seier han til VG.

Kven som skal spele den sentrale kvartetten i filmen er enno ikkje bestemt. Oppdatert: Filmen er tiltenkt kinopremiere i februar 2014.