Ah, påske! Denne herlege vintertid når sola skin sterkt, vinterlandskapet ligg innbydande, og fleire og fleire nordmenn flokkar seg innandørs framfor ein skjerm for å konsumere Poirot, Beck, Miss Marple, og andre tidlause klassikarar.

Trist? Hysj, eg må få med meg kva Sherlock seier.

Me har samla eit knippe av filmane me hadde fått med oss på TV den komande påskeveka dersom me hadde hatt all tid i verda.

Fredag

paske_swep1

Star Wars Episode I: The Phantom Menace (1999)
Viasat 4 KL. 21.40

Om dette ikkje er ei direkte anbefaling – joda, filmen er jo heilt grei, eller? – så er det ein beskjed om at Viasat 4 no sender alle Star Wars-filmane kvar torsdag i vekene framover.

Fordi, merkeleg nok, sjølv om eg har desse filmane i fire ulike versjonar, så ender eg alltid opp med å sjå dei kvar gong dei går på TV.

Nokon burde skrive ei doktoravhandling om den type TV-sjåing.

paske_redriver

Red River (1948)
NRK2 Kl. 23.15

Klassisk westernfilm med John Wayne som går hakket djupare enn mange av villvesthistoriene frå denne tida.

John Ford, mannen som hadde laga The Searchers og Stagecoach med Wayne i hovudrolla, skal ha uttalt etter filmen at «Herregud, jævelen kan jo spele».

Frå mannen som laga den opphavelge Scarface i 1932, får du historia om ein «posse» som må gjete krøtter, og dei indre stridigheitene dei imellom.

Lørdag

paske_walktheline

Walk the line (2005)
TV3 KL. 21.00

Walk the Line er allerede en klassiker innenfor musikkfilmsjangeren, mye på grunn av de enestående og overbevisende skuespillerprestasjonene til Phoenix og Witherspoon som June og Johhny Cash, i tillegg til en prisverdig gjenoppliving av Cashs låtmateriale signert stjerneprodusent T-Bone Burnett.

Sett den før? Se den igjen. Har du enda ikke fått gleden av å oppleve June og Johhnys turbulente kjærlighetshistorie, se opp for en vond, inderlig og lidenskapelig fortelling pakket inn i et av de beste soundtrackene som noensinne er laget til film.

paske_bastoy

Kongen av Bastøy (2010)
SVT2 KL. 22.10

Amanda-vinneren fra 2010 gir oss et innblikk i bråkmakeren Erlings opplevelser på den berykta internatskolen på øya Bastøy utenfor Horten. Filmen forteller om hendelsene under et av opprørene som fant sted på øya i 1915, og gir oss en klassisk fortelling om maktmisbruk og ungdomsopprør.

Trond Nilsen og Benjamin Helstad spiller offerrollene sine intenst, og griper tak i deg med aggresjonen og maktesløsheten som preger dem. Fortellingen er umulig å forholde seg likegyldig til, og filmen er kjølig og nydelig skutt.

Forutsigbarhet og noe stereotype rollefigurer til tross, Kongen av Bastøy er absolutt verdt å bruke noen timer av livet sitt på.

Palmesøndag

paske_dreamgirls

Dreamgirls (2006)
TV2, kl. 13.30

Basert på jentegruppa The Supremes sin store suksess på 60-talet. Mary Wilson, ei av vokalistane i den opphavelege gruppa har uttalt at filmen er meir lik den verkelege historia enn mange trur.

«Subtilt» er eit framandord i denne filmen, alle har hjartet utanpå skjorta. Det er eit damptog av kjensler som tøffer frå start til slutt, med mykje god musikk langs vegen.

Om du ikkje er så begeistra for musikken derimot, er det kanskje ikkje filmen for deg.

paske_diehard

Die hard i New York (1995)
MAX, kl. 21.00

John McClane (Bruce Willis) må løyse oppgåver frå – endå – ein tyskætta terrorist med ein skjult agenda som vil sprenge ei bombe i byen.

Den tredje historia om politibetjent McClane er kanskje mindre actionprega enn dei andre i serien, men diskusjonane hans med Zeus Carver (Samuel L. Jackson) er noko av det beste, spør du meg.

Min favorittaugneblink er når dei løyser ei oppgåve med plastkagger med vatn – ein litt anna type action enn eksplosjonane som vanlegvis dukker opp.

Mandag

Veldig lite interessant. Slapp av på jobb, ta heller ein tur på kino – eller gå ein tur på fjellet(?).

Denne mannen har ikkje ein skjerm, men klarer å utnytte naturens widescreen likevel! (Foto: Jan Stage NTB / Scanpix)
Denne mannen har ikkje ein skjerm, men klarer å utnytte naturens widescreen likevel! (Foto: Jan Stage NTB / Scanpix)

Tirsdag

paske_somelikeithot

Some like it hot (1959):
NRK2, kl. 23.00

Ei fantastisk forviklingskomedie med Marilyn Monroe som freisterinne, og Tony Curtis og Jack Lemmon som rømmer frå mafiaen iført dameklede.

Eit av kyssa i filmen er mellom Tony Curtis og Marilyn Monroe. Curtis har uttalt at det var som «å kysse Hitler», sjølv om han seinare sa at det var meint som ein spøk.

Gi blanke i om den er i svart-kvitt, Billy Wilder laga med denne ein film som framleis gjer seg utmerka, over 50 år etter den vart laga.

Onsdag

paske_caramel

Karamell (2007):
NRK2, kl.23.10

Ein av få libanesiske filmar som har nådd langt ut over landegrensene. Fem kvinner, som har sitt samlingspunkt rundt ein skjønnheitssalong i Beirut, snakker om kvardagslege problem i «Midt-Østens Paris».

Området er vanlegvis er tenkt på i samanheng med krig og politisk betente situasjonar, men her er det i staden det moderne samfunnets møte med eit tradisjonsbunde land som er i fokus – noko som gjer filmen både morosam og spennande.

Skjærtorsdag

paske_byggeklosser

Norske byggeklosser (1972)
NRK1, kl. 13.20

Ei skarp satire over det norske byråkratiet. Stakkars Olav Femte prøver berre å få bygd eit hus, men omringa av ulike kranglefantar og papirpusharar vert det ei frustrerande affære.

Rolv Wesenlund har ei bråte med roller, som alle raljerer over motvillig, ugjestmild «norskleik» i løpet av halvanna time. Eit tidleg eksempel på norsk improvisasjonshumor.

Finst det betre norske satiriske filmar enn denne klassikaren frå Pål Bang-Hansen?

paske_fjolls

Fjolls til fjells (1957)
NRK1 KL. 17.20

Fjolls til Fjells nytes best sammen med foreldre/besteforeldre som har et inderlig og kjærlig forhold til filmen, for det er ikke sikkert at Leif Justers paniske pianospilling og hoppetau-hopping er helt i din gate sånn humormessig hvis du er født etter 1960. Men den må liksom sees, på samme måte som Grevinnen & Hovmesteren.

En lite innføring: Leif Justers figur driver et høyfjellshotell. Han ansetter en pikkolo som utgir seg for å være gutt, men som egentlig er jente. Hun er dattera til hotellsjefen. Samtidig bor det to helt like menn på hotellet, der en ene er skuespiller og den andre er en vanlig arbeidskar. De vet ikke om hverandre. Leif Juster tror de er samme person. Kjør forvirring!

paske_aotc

Star Wars Episode 2: Attack of the Clones (2002)
NRK1, klokka 21.30

Her gjeld vel litt det same som med Episode I lengre oppe. Den galaktiske borgarkrigen vert meir og meir uunngåeleg, Anakin Skywalker kjem nærare og nærare si mørke side.

Stiv dialog, og ei historie som forsøker å vere større enn den er. Det er mykje som ikkje er fantastisk med denne filmen, men eg klarer likevel ikkje å slå den av når den først starter.

Har eg eit problem? I så fall, sei ifrå i kommentarfeltet.

Langfredag

paske_ronja

Ronja Røverdatter (1984)
TV2 KL. 13.55

Ronja Røverdatter følger etter Fjolls til Fjells litt i den samme må-se-fordi-det-er-påske-kategorien, og helt til HBO kjøper rettighetene til historien og lager en serie som koster én milliard kroner pr episode med Alexander Skarsgård i en av hovedrollene, koser vi oss med 1984-versjonen.

Astrid Lindgrens historie om den sjarmerende røverdattera som blir venn med sønnen til farens erkerival, har vært en ekstremt seigliva fortelling som stadig får nye fans, og nå må vel snart det raset av unger som ble oppkalt etter Ronja og Birk bli store nok til å se serien selv også.

paske_kontiki

Kon-Tiki (1950):
NRK1 Kl. 16.50

Årets norske Oscar-nominerte Kon-Tiki tok ingen premier med heim, så då er det bra at me framleis har dokumentaren frå 1950 å lene oss på.

Thor Heyerdahl eiga historie om den 101 dager lange flåtereisa over Stillehavet er spennande og godt samansett, sjølv om ein etter kvart byrjer å merke alderen til historia (kanskje det ikkje var så rart at den fekk ei nyskaping som spelefilm?).

Sjarmerande og småklossete til tider, spesielt i presentasjonen i starten som kan verke litt som eit innøvd foredrag på ein ungdomsskule, men mot slutten eit eventyr som det ikkje er overraskande at har bergteke mange verda over.

Lørdag, Påskeaften

paske_hitler

Der Untergang (2004)
NRK2 Kl. 21.00
«Den tyske filmen Der Untergang fremstiller 1900-tallets største monster som en snill, omsorgsfull og hyggelig herremann. Klart det blir bråk av sånt!» skreiv Birger Vestmo om filmen då den kom ut.

Historien om Hitlers siste dagar i bunkeren er eit fantastisk drama med ein glitrande Bruno Ganz i hovudrolla. Då får det så vere at han etter kvart kanskje har blitt mest kjend for dei utallege nettparodiane frå scenene der Hitler byrjer å innsjå sitt nederlag.

Dette er kanskje ikkje filmen du lener deg mest bakover i sofaen når du skal sjå, den krevjer merksemd og vakne auger.

paske_trolljegeren

Trolljegeren (2010)
NRK1 KL 23.25

Vi måtte vente helt til 2010 før CGI-teknologien ble god og billig nok til å kunne lage en helaftens norsk spillefilm om troll, men hjelpes så bra det var at tålmodigheten strakk til.

Birger Vestmo gav Trolljegeren terningkast 6, og ble en enorm publikumssuksess på kino. Mye takket være eventyrlysten og nysgjerrigheten til regissør André Øverdal og den surmaga og halv-rasistiske hovedfiguren Hans, spilt mesterlig av Otto Jespersen.

Dette bør bli den nye årlige påskefilmen på NRK!

Søndag, 1. påskedag

paske_thisisengland

This is England
NRK2 KL. 23.10

England: 1983, det er Falklandskrig, Margaret Thatcher styrer landet, arbeidsløsheten er høy, og 12 år gamle Shaun synes den stygge, grå arbeiderklasseverden suger.

Helt til han blir tatt under vingene av en gjeng skinheads. På med Doc Martens-skoa, av med håret, og Shaun er en lykkelig, men noe verdiforvirra unge.

Det må gå galt på et tidspunkt, vi skjønner det, og hvorfor skjønner vi det? – på grunn av Stephen Grahams seriemorderfjes. Du vet, når øynene slutter å smile, og når munnen henger like etter. Du vet at de rasistiske og homofobe holdningene rollefiguren hans har kommer til å føre til noe skikkelig stygt, og det er bare å holde pusten og vente på smellet.

paske_babe

Heldiggrisen Babe (1995)
TV3 Kl. 12.00

Diplomatisk anlagde grisar har vore temaet i mange suksessrike filmar – til dømes Charlie Wilsons War – men når Chris Noonan skal lage barnefilm fungerar det som aldri før.

Grisen Babe ynskjer nemleg ikkje å verte middag, han vil helst vere ein fårehund, og ifølgje Hollywood-reglar er han dermed nøydd til å klare det – trass sin underdog-status.

Heldiggrisen Babe er ei sjarmerande historie, totalt reinska for kynisisme, som sikkert klarer å varme opp hjartet ditt denne første påskedagen.

Mandag, 2. påskedag

paske_12angry

Tolv eidsvorne menn
NRK2 Kl. 00.10

Ein folkejury beståande av 12 menn skal bestemme seg i skuldsspørsmålet til ein ung mann. Avgjersla må vere einstemmig, og det er den nesten. 11 menn meiner han er skuldig, medan éin enkelt mann tviler.

Så godt som heile filmen tek stad i juryrommet, alle gjenskapingane jurymedlemma har av drapsåstaden vert gjort der. Dette fungerer utelukkande på grunn av fantastisk skodespel – ein dirrande nerve – som går gjennom heile filmen.

Mot slutten er du like forvirra, like sikker, og rommet du sit i har minst like tung luft som i kammeret i New York. Og det skulle det berre 12 skjortekledde menn, eitt kamera, og ein regissør ved namn Sidney Lumet til å gjere.

Kva har du tenkt å gjere i påska? Null skjermsjåing – berre skigåing, fast filmrutine, eller streng kustus på berre krimserier?