Iran vil saksøke den amerikanske filmbransjen. Skuldinga er – ifølgje ei dagslang konferanse i Teheran, at amerikanske filmar vrir på iransk historie, og stiller landet i eit dårleg lys, skriv fleire iranske nyhendeorganisasjonar, ifølgje Associated Press.
Hovudmålet for søksmålet er å stanse distribusjonen av årets Oscar-vinnar Operasjon Argo, for å forhindre at den spreier seg meir i både Iran og resten av verda.
Operasjon Argo vann Oscar for beste film
Sjakalens advokat
– Me skal klare å stanse distribusjonen av filmen, tvinge dei til å orsake seg og utfordre dei til å innrømme at filmen ikkje er anna enn løgn, seier myndigheitenes franske advokat Isabelle Coutant-Peyre.
Coutant-Peyre er er nok best kjend for å ha forsvart den venezuelanske terroristen «Sjakalen» i rettssaka på byrjinga av 2000-talet. Han er mannen hennar.
– Eg gjer dette for å forsvare Iran. Eg vil forsøke å hjelpe verda med å kjenne det verkelege biletet av det iranske folk, seier ho, ifølgje det statlege nyhendebyrået Fars News.
Ved sidan av Operasjon Argo trekk ministeren for kultur og islamsk rådføring fram blant anna The Wrestler – der ein av wrestlarane heiter The Ayatollah – spenningsfilmen Not without my daughter frå 1991, og fantasyfilmen 300, som er veldig laust basert på Slaget ved Thermopylene.
Les også: Iran starter kulturkrig med 140 dataspel
– Lite sannsynleg at det vil føre fram
Om dette er eit reelt søksmål, eller berre eit ledd i propagandaapparatet til den iranske staten er vanskeleg å seie. Iran har tidlegare faktisk saksøkt blant anna Russland.
– Iranarane kan saksøke alle stader der filmen vert vist, og lene seg på ærekrenkingslover. Men det verker lite sannsynleg at det vil føre fram nokonstad i ein truverdig jurisdiksjon, seier Noah Feldman, professor i juss ved Harvard til magasinet Foreign Policy.
Regissør og skodespelar Affleck har av andre fått kritikk for å underspele kanadisk etterretning si rolle. I den verkelege operasjonen filmen er basert på var CIA heller hjelparane i ein kanadisk plan. Sluttplakaten i filmen vart difor endra i etterkant for å involvere Canada i større grad.
Anmelding: Operasjon Argo: – Tredje fulltreffer på rad fra Ben Affleck!
Iran har forresten ein høgst levande filmindustri sjølv, i fjor vann dei Oscar for beste framandspråklege film for Nader og Simin – et brudd, og som tilsvar på Operasjon Argo planlegg regissør Ataollah Salmanian ein film om historia frå iransk side.
– Denne filmen skal vere eit passande svar på den ahistoriske filmen Argo, har han sagt til Teheran Times.
Kva synest du om Oscar-vinnaren? Er det viktig at filmen er 100 % sannferdig når den omtaler historiske hendingar?