«Barnestjerner» har historisk sett vore ein litt belasta tittel – anten som skodespelarar som forsvinn inn i Hollywoods kvite sky av «godteri», eller som rett og slett ikkje var meir enn eit søtt andlet utan skodespelerevner i meir vaksen alder.

Etter at Harry Potter-filmane var over i desember 2011 er det no på tide for skodespelarane – som gjerne har spelt den same rolla i over 10 år – å kome seg vidare. Og no, i løpet av berre nokre veker, har fleire av stjernene fått nye jobbar.

Anmelding: Harry Potter og dødstalismanene, del 2: – En voldsomt spennande finale

Emma Watson og Logan Lerman i The Perks of Being a Wallflower (Foto: Nordisk Film Distribusjon AS).
Emma Watson i The Perks of Being a Wallflower (Foto: Nordisk Film Distribusjon AS).

Harry og Hermine er trygge

Nyskapingar av eventyr har vore stort dei siste åra, tida er òg komen for Askepott. Med Kenneth Branagh (Thor) som regissør er det kanskje lov å håpe at det vert ein litt meir klassisk versjon enn dei småpompøse actionfilmversjonane me har fått servert ei stund no.

Opp gjennom denne filmens førproduksjon har fleire unge skodespelarinner vore i samtaler for rolla – deriblant Saoirse Ronan (Hanna) – den siste i rekkja er no Emma Watson, skriv Variety.

Anmelding: The perks of being a wall flower: – Engasjerende om tidløs ungdomsangst

Sjølvaste Harry Potter, Daniel Radcliffe, er ikkje verre. Etter å ha gjennomført eit dansenummer under denne vekas Oscar-utdeling, dukkar no ei ny rolle opp i horisonten hans. Radcliffe skal ta rolla som den krypande hjelparen Igor i Paul McGuigans (Lucky Number Slevin) filmatisering av Mary Shelleys Frankenstein. Rolla vart gjort udødeleg av blant anna skrekkfilmhelten Bela Lugosi på 40-talet.

Max Landis (Chronicle) – sonen til Blues Brothers-forfattar John Landis – skriv manus, med eit visst sci-fi-preg, melder Variety.

Anmelding: The woman in black: – Ikke la ungene se denne filmen!

Rupert Grint i Into The White (Foto: Scanbox).
Rupert Grint i Into The White (Foto: Scanbox).

Men dei andre då?

Førre veke vart det òg klart at Rupert Grint, som etter Harry Potter blant anna har spelt i norske Into the White, skal spele i superheltserien Super Clyde.

Medan Clyde er i jobb som burgerflipper arver han 100 000 dollar, og bestemmer seg for å bli ein Batman-aktig skikkelse som nyttar rikdommen sin for å kjempe mot kriminalitet.

Foreløbig er berre ein pilotepisode produsert for CBS, serien har enno ikkje fått klarsignal for ein heil sesong.

Anmelding: Into the white: – Fint om fiendar til fjells

Og sidan eg likevel er i fart når det gjeld Harry Potter-stjernene: Evanna «Luna Lovegood» Lynch avsluttar for tida filmen G.B.F. – Gay Best Friend – der ho spelar den homofobe leiaren av ungdomsklubben O.M.G. Prayer Club.

Tom «Draco Malfoy» Felton speler ein amerikansk militærdoktor i vampyrfilmen Fangs of War som tek stad i det naziokkuperte Transilvania. Og Matthew «Neville Longbottom» Lewis reiser for tida rundt på festivalar med filmen Wasteland som fortel historia om eit storkupp gjort av barndomskamerater i England.

Kva barnestjerner sakner du frå filmlerretet?