Stockholm: – Turn arooound…

Hideo Kojima. (Foto: Kickstarter)

  • Battlefield-serien
  • Starta med Battlefield 1942 i 2002
  • Utvikla av svenske DICE, som vart oppkjøpt av EA i 2006
  • Har fortsatt med spel i ulike settingar:
  • Deriblant Vietnam-krigen, framtidskrig i 2142, og i det siste med hovudfokus på moderne, notidig strid
  • Fleirspelar på store brett har vore sentralt for serien
  • Seriens neste spel, Battlefield 4, vert lansert i 2013.

Det er ikkje til å kome vekk frå at opningslinjene til Bonnie Tylers 80-talsklassikar Total Eclipse of the Heart skaper høyrbar humring i salen. Sangen opner verdspremiera på presentasjonen av Battlefield 4 – krigsspelet frå den svenske utviklaren DICE.

– Turn aroooooouuund…

«Har dei med viten og vilje vald denne låta?» tenkjer eg. Humringa i salen held fram. «Det er jo den kleineste sangen i heile univ…». Så vert tankerekkja mi avbroten av ei grym stemme:

– Ikkje faen om eg skal døy til denne låta.

«Ok. Greit, Dice. De redda dykk inn igjen.»

Videoen er starten på enkeltspelarkampanja til Battlefield 4, som EA og DICE fokuserte på i Stockholm i går kveld.

Hadde du håpa på eit tonn med multiplayerinformasjon? Om 64-spelarskampar, heimeserverar og ulike kampmodusar? I så fall, beklager. Ingenting av dette vart snakka om. DICE lover derimot at mykje slikt skulle bli snakka om i tida som kjem.

Påverka av vær og vind

17 minutt med gameplay, som du kan sjå i botnen av artikkelen, viser eit taktisk team i trøbbel. Det opner med ein bil som har falt i vatnet og synk raskt – og din spelar som får overrekt ein pistol av sin døyande lagleiar.

Så spolast tida tilbake, og me får – i nokre minutt lange støt – ein oppsummert versjon av kva som førte til opningssituasjonen.

Ein nedstengd borneskule i Baku, Aserbajdsjan med skumle russiske spesialsoldatar. Ein tett skog under ei togbane, som opnast i eit spektakulært, sandlagt landskap der målet er å ta seg til taket på fabrikken ein skimtar mot horisonten.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Battlefield 4 - Fishing in Baku screen 3
«Fishing in Baku»: Baku, Aserbajdsjan såg meir gjestmildt ut under Melodi Grand Prix, det må ein innrømme. (Foto: EA)

– Ingenting skal berre «bli noko», alt har ei historie, var blant tinga Gustav Tilleby – art director på spelet hadde å seie i sin presentasjon.

Og det heile ser veldig pent ut. Frykteleg pent, faktisk. I det DICE fleire gonger insisterte på at var live-speling på scena, mest sannsynleg gjennom ein høgkvalitets-PC, fekk me sjå pene omgivnader – ja – men òg omgivnader som reagerer på det som hender.

Ein oppdatert Frostbite 3-motor driv det heile (meir lenger nede i artikkelen). Det såg ærleg tala ut som CGI-mellomsekvensar, men etter eiget utsagn inneheld det inga form for førehandsrendra grafikk – alt er skapt i real-time.

Svetta perlar seg i panna til medspelarar, og augo er våte. Vinden tek tak gardiner, og virvler opp støvpartikler. Eksplosjonar øydelegg bygningar, og kraftige skot bryt ned plater og veggar slik ein kan forvente seg det.

I staden for berre den førehandplanlagde øydeleggjinga som var mogeleg i Battlefield 3 ser Battlefield 4 ut til å ta eit blad or boka til Bad Company-avstikkarspela, og tilføre meir dynamiske omgivnadsforandringar.

Og obs-obs: Me skal visst til Kina etter kvart. Har du sett på makan!?

Blått og oransje? Nei, dæven… (Foto: EA)
Blått og oransje? Nei, dæven… (Foto: EA)

Eg er ikkje i tvil om at det meste av øydeleggjingane i det velregisserte bygningsraset mot slutten av spelets første scene er førehandsplanlagd, men undervegs reagerer verda rundt på ein slik måte at det kjennest meir verkelegheitsnært enn nokosinne.

Så får det så vere at «bilreklamer» er blant dei uttalte inspirasjonskjeldene for utsjånaden til spelet. Debatten om underhaldningsbransjens fascinasjon for «blått og oransje» kjem til å halde fram for evig.

Les også: Battlefield: Bad Company planleggjest som TV-serie

– Menneskeleg, dramatisk og truverdig

Men DICE plukker med seg meir frå Bad Company enn berre det tekniske. Ifølgje Karl-Magnus Troedsson – utviklarsjef hjå DICE – mangla Battlefield 3 ein menneskeleg faktor.

– Motoren held oss ikkje attende lenger. No kan me forsøke å røyre spelarane emosjonelt, sa han frå scena.

I det første oppdraget må ein blant anna spontanamputere ein lagkamerats fot – som, sjølv om det ikkje tek meir tankekraft enn å trykkje på ein knapp – er eit forsøk på å føre deg nærare dine kameratar i spelet.

Troedsson seier at dette er eit av vala ein ikkje kan unngå å gjere, men at spelet ellers vil vere fullt av valmogelegheiter.

– Denne gongen vil me gi det litt meir personlegheit. Byggje meir rundt karakterane. Du spelar éin karakter i staden for tre, og slik vil me byggje personlegheiter, byggje relasjonar.

Målet er å skape ei tilhøyrigheit til spelarane gjennom meir samhandling med laget ditt. DICE har teke i bruk kjende andlet for dette, blant anna Michael K. Williams (The Wire, Boardwalk Empire) som speler ein av dine «brothers in arms».

Anmelding: Spec Ops: The Line: – Det næraste ein kjem Apocalypse Now i spelform

Battlefield 4 - Fishing in Baku screen 2
Ja – eg kan bekrefte det – mannen til venstre i biletet er ingen ringare enn Michael «Omar Little» Williams. (Foto: EA)

Køyrer på Frostbite 3 og Battlelog

Battlefield 4 vil utnytte seg av ein oppdatert versjon av DICE sin eigen spelmotor, Frostbite.

Frostbite 3 tek det EA og DICE har lært av FIFA– og Need for Speed-serien, og gjennom ei fullstendig oppdatering av alle system meiner dei at dei har laga eit system som gjer éinspelardelen meir lik fleirspelar-opplevinga. Deriblant ved å hente inn Battlelog-elementet, små merknadar som gir deg beskjed om korleis du gjer det i forhold til venene dine.

DICE lovar – men klarte ikkje heilt å vise fram – at éinspelarkarta vil gi deg mange ulike valmogelegheiter å angripe problem på – anten det er med eit av spelets mange køyretøy, ved forsiktig framgang og flanking, eller aggressiv taktisk undertrykking.

Battlefield 4 - Fishing in Baku screen 5
Det me har fått sett så langt er intenst og – tør eg seie – Michael Baysk? (Foto: EA)

Dine datastyrte medspelarar skal reagere på omgivnadane, og du kan gi dei enkle kommandoar ved hjelp av handsignal.

Neste generasjon? Kven veit

Oppsummert verkar Battlefield 4 å ha teke det eg likte best frå Bad Company-spela – personlegheiter og dynamiske spelområder – og oppdatert det. Men særleg nyskapande har det ikkje klart å vise at det er enno – anna enn frykteleg pent.

Det gjenstår å sjå om spelet er så fritt som dei sjølv seier at det er, eller om det er like lineært som fleire av deira største konkurrentar. Opninga verkar iallfall regissert.

Og igjen – me høyrde ikkje eit knyst om multiplayer, så for deg som kun bryr deg om det er det berre å smøre seg med tolmod. E3 er ikkje så langt unna, og det er fleire i DICE som tripper etter å fortelje deg det dei veit.

Anmelding: Battlefield: Bad Company 2: – Lenge siden et førstepersonsspill med så engasjerende historie

Battlefield 4 har ikkje fått fastlagd sleppdato, men lekkasjer og hint tilseier at det vert i haust – og spelet er alt mogeleg å førehandsbestille gjennom Origin (for betatilgang, bonusmateriale og ein komande utvidingspakke). Den foreløpige planen er utgiving på PC, Xbox 360 og Playstation 3.

På direkte spørsmål vil ikkje Troedsson seie noko om Playstation 4 og neste Xbox, berre at «det er spennande tider for spelutvikling», og at Frostbite-motoren er laga med tanke på skalering til neste generasjons spelkonsoller.

Kva trur du så langt? Legg att ein kommentar under dei 17 minutta med videofrå Battlefield 4.