Battlefield: Bad Company frå 2007 (Foto: EA).
Battlefield: Bad Company frå 2008 (Foto: EA).
Svenskane i DICE har gjort storsuksess på Battlefield-spela, og no kan det sjå ut som det forplantar seg til andre medium. Fox utviklar ein TV-serie basert på Battlefield-avstikkaren Bad Company, med Alias-forfattaren John Eisendrath i spissen, melder Deadline.

Det første spelet handlar om eit kompani beståande av fire … utradisjonelle amerikanske soldatar i ein oppfunnen strid mellom USA og Russland.

Spela var eit sidespor i den tradisjonelt meir seriøse Battlefield-serien, og fokuserte meir på humor og historie enn dei andre spela.

Private militærselskap

TV-serien skal etter omtalen handle om fire soldatar som forlet militæret og går inn i private «sikkerheitsselskap». Men dei får trøbbel når deiras tidlegare sjef finn ut at han skal rydde spora etter lyssky verksemd.

Handlingane til private militærselskap som Blackwater USA og dets like har vore omstridt i mellom anna Irak-krigen.

Og med oppveksten av skruppellause, umoralske heltar dei siste åra er det absolutt stoff som kan gjere ein slik TV-serie sjåverdig for fans av juridiske gråsoner.

Kanskje det vert litt A-Teamsk?

Anmelding: Battlefield: Bad Company 2: Troverdige aktører i krigshistoria

Men så var det Happy Madison da

Det som derimot gjer meg skeptisk, av det vesle me veit, er produksjonsselskapet. Happy Madison – betre kjend som Adam Sandlers hjartebarn – skal nemleg produsere TV-serien.

Sånn med unntak av filmane dei lager, som til dømes Jack og Jill, er TV-seriane deiras stort sett middelmåtige situasjonskomediar eller sketsjbasert humor.

Heldigvis, må det nesten vere lov til å seie, skal DICE-sjef Patrick Bach vere ein av medprodusentane på programmet, saman med representantar frå EA. Om spelets opphavlege manusforfattar Fredrik Agetoft har noko med TV-serien å gjere vitast ikkje.

Les også: Adam Sandler-filmgenerator

Det er ikkje offentleg planlagd fleire spel i Bad Company-serien, men det vert framleis spytta ut Battlefield 3-utvidingar, og Battlefield 4 er planlagd å kome til neste år. Men dersom TV-serien skulle bli bra, vil det vere merkeleg av franchisebeistet EA å ikkje lage minst eit spel til.

Kva trur du om Bad Company som TV-serie?