Det er ein kva som helst dag. Kanskje eg keiar meg litt, og vil teste Filmpolitiets Adam Sandler-film-generator. Ut frå dei mange tusen vala kjem følgjande:

Jack and Jill

– His twin sister is coming for the holidays, and it ain’t pretty.
Adam Sandler er en styrtrik reklamefilmregissør, og en dag kommer søsteren hans på besøk. Han hater henne intenst, prøver å få tak i Al Pacino og bedriver ablegøyer, inntil han innser at han egentlig elsker søsteren sin. Da skjerper han seg og kommer ut av det som et mye bedre menneske.

Heilt logisk, ikkje sant? Vel, eg mistenkjer at Sandler sjølv har plukka plottet frå vår generator, for dette er nemleg historia i hans nyaste film Jack and Jill.

Det er allereie ei etablert sanning at dei fleste filmane som vert laga av Sandlers eiget produksjonsselskap Happy Madison Productions stort sett er begredelege affærer.

Sandler får litt goodwill av meg likevel – sidan dette er måten han held sine gode vener med salt i suppa – men kunne han ikkje ha ansatt ein ordentleg manusforfatter i det minste da?

Cameo-skøy

Ved sidan av Sandler i 80-talskjolar er trekkplasteret til filmen ei ovdiger mengd av cameoroller. Johnny Depp har til dømes ei bittelita uspektakulær rolle, og sjølvaste Al Pacino er oppgradert til ein Bronx-sentimental, elskovssjuk versjon av seg sjølv.

Pacino skal visstnok ha teke rolla fordi han likar å gjere narr av sitt eiget image, men ettersom eg antek at det ikkje finst nok pengar i verda til å gjere ei slik rolle verdt det, må eg berre anta nye situasjonar. Har Sandler eigarpart i ei rekkje kompromitterande bilete av Pacino i seksuelle positurar – gjerne involvert stålamper, levande blekkspruter, og astronautdrakter? Ein kan berre undrast.

«KO-ME-DIE!»: Artikkelforfattaren demonstrerar (Foto: NRK).
I avslutningsscena av filmen snakkar Pacino og Sandlers rollefigur om ein reklamefilm dei har jobba på. «Brenn den», seier Pacino. «Brenn alle kopiar». Kanskje det hadde vore ein idè for Jack and Jill generelt.

«Komedie»

Døydde ikkje «mann i kjole»-sjangeren lenge før Big Mommas House? Når slutta «korleis fungerar ei datamus»-spøkar å vere morosame? Når vart ein kontekstlaus – men ikkje luktfri – fis artig igjen? Og er ikkje vitsar om at alle mexikanarar kjem ulovleg til USA over grensa eigentleg litt slitne?

Eg humra lett ein og anna stad, men det var hovudsakleg til spørsmålet «Kvifor i all verda spelar Al Pacino i denne filmen?» og fordi det nesten er flaut å sitje å anmelde ein komedie utan å le ein eller anna stad.

Filmen har dermed starta ein heftig diskusjon i Filmpolitiet-redaksjonen om me kan lage ein ny kategori ved sidan av komedie – eg vil den skal heite «komedie» – som kun kan seiast med kraftige sein-90-tals finger-siteringsteikn (sjå biletet).

I ein slik kategori passar nemleg Jack and Jill heilt perfekt, saman med til dømes Eddie Murphy-katastrofa Norbit og den pinleg forferdelege The Love Guru.

Les også: Hva betyr et terningkast?

Så gøy. Så gøy er det (Foto: Walt Disney Company Nordic).
Ja, Sandler har adoptert eit indisk barn. Og ja, du får ein utdatert «alle indarar er datageni»-vits (Foto: Walt Disney Company Nordic).

Crapfilm-connaisseur

Grunnen til at Adam Sandler-film-generatoren er morosam, er nettopp fordi den tek feelgood-crap-filmar frå Adam Sandler og liknande på kornet. Forutsigbare, polerte verk som trur dei kan kome unna med slitne vitsar og dårleg slapstick.

Jack and Jill er dårleg film på sitt verste, den typen dårleg film som ikkje under noko omstende er morosamt. Og dette kjem frå meg – ein crapfilm-connaisseur, ein kjennar av rævafilmfaget, ein mann som har tradisjon for å halde maraton med dårlege filmar for underhaldninga sin del.

Eg prøvde så godt eg kunne å le av denne scena. I morgon har eg legetime for å sjekkast for pungbrokk (Foto: Sony Pictures Home Entertainment).
Aldri har det vore så stille i stova mi under ei filmavspeling. Og då er ei visning av Aune Sands Dis medrekna – populært kjend som Noregs verste bidrag til filmhistoria.

Bibelske proporsjonar

Etter formelriktige 90 minutter finn eg dermed ikkje éin einaste grunn til å sjå Jack and Jill. Ja, eg innser at hensynslaus slakt kanskje vekkjer apetitten meir enn velpolert kritikk, men dette er blodig alvor: Ikkje sjå denne filmen.

Dersom verda verkeleg går under den 21. desember 2012, så har eg nett vore vitne til den ellevte landeplage. Ikkje landeplage i den søte Ravi-versjonen, men landeplaga som kjem like etter ein storm av gresshopper som et alt kinopopcornet i Noreg.

Antikrist – ditt namn er Adam Sandler (i kjole).

Eg trur faktisk at Filmpolitiets lesarar kan gjere betre enn dette. Ta deg ein tur innom Adam Sandler-film-generatoren vår, og send plottet til Happy Madison Productions. Kontaktinfo finn du på nettsida deiras.

Denne filmen kom merkeleg nok ikkje på norske kinoar, men er ute på Blu-Ray og DVD den 25. juli.

Om FILMEN

Jack and Jill
  • Jack and Jill
  • Slippdato: 25. juli 2012
  • Regi: Dennis Dugan
  • Utgiver: Sony Pictures Home Entertainment
  • Sjanger: Komedie