Det er heile tre år sidan regissør Erik Skjoldbjærgs førre film, Nokas. No står thrilleren Pionér for tur – frå 80-talets dykkeeksperimenter i Nordsjøen. I filmen speler Aksel Hennie ein ambisiøs dykkar som er besett av å vere først å nå botnen.

Då Skjoldbjærg snakka med Nordsjødykkarar om korleis havet var, sa dei at ein til tider hadde sikt på 200 meter – men som oftast er den verkelege Nordsjørenna meir uklar. Det tok lang tid å få det til på film.

– Eg likar å setje visjonar som nesten er umogelege. Vi har diskutert dette i årevis, eg og produsenten, om korleis me skulle få dette til.

Sjå bileta frå innspelinga i videoen øvst, og få med deg hittil ikkje viste klipp frå filmen Pionér.

Det er fleire enn éi referanse til månelanding i «Pionér». (Foto: NRK)
Det er fleire enn éi referanse til månelanding i «Pionér». (Foto: NRK)

Berre Island har klart nok vatn

Den einaste filmen Skjoldbjærg synest har gode nok bilete er The Abyss, James Camerons storbudsjettsdykkefilm frå 1989.

– Den klarer å få til ei klårleik i bileta – ei djupn, ein dynamikk, og å formidle at det er ei heilt eiga verd under vatn. Eg tenkte, ‘Klarer me dette? Er det mogeleg å få til?’. Så då gjorde vi ein slags research på det klaraste vatnet du kunne finne, så då kom me hit.

Skjoldbjærg peiker rundt seg. Han er på Thingvellir nasjonalpark på Island. Vatnet frå ein nærliggande isbre vert filtrert av lavasand, og skaper ei kløft i landskapet med heilt klart vatn. For å skape illusjonen om at dei er 400 meter under vassoverflata måtte dei filme om natta.

Anmelding: Nokas: – En ransfilm i toppklasse!

Nattfilming. (Foto: NRK)
Illusjonen av å vere 400 meter under vatn skapte dei ved å filme om natta. (Foto: NRK)

Komplisert teknisk filming

Det er noko av det mest kompliserte Skjoldbjærg har gjort.

– Det består av tekniske team som skal utføre dykking i to graders varme i vatnet – utan skikkelege varmedrakter. Dei ville ha blitt for store, og ville ikkje ha passa karakterane me har, om dei skulle ha hatt på seg alle dei mogelege draktene dei burde ha hatt.

– Very comfortable, seier Ville Leskinen – Aksel Hennies stuntdykker.

Pionér har kinopremiere 30. august.

I kveldens Filmbonanza, 21.30 på NRK2, får du sjå ein forsmak på fleire av dei ulike norske filmane som kjem i år, deriblant Arild Østin Ommundsens Eventyrland, Eskil Vogts Blind og ein tur innom debutregissør Lisa Gamlems Mormor og de åtte ungene-musikal.