Dei kunne iallfall ha gjort verre val. Gus van Sant har blitt Oscar-nominert to gonger (Milk og Den enestående Will Hunting), og har ei rekkje knallfilmar på rullebladet. No har han filma ei sexscene frå den erotiske romanen Fifty Shades of Grey for å vise Universal kva han kan, melder The Wrap.
Boka handlar om forholdet – og maktforholdet – mellom den karismatiske milliardæren Christian Grey og studenten Anastasia Steele. Historia fekk mykje merksemd på grunn av kinky sexbeskrivingar – og ikkje minst den påfølgjande debatten om dette i det heile teke var ei god bok.
Les også: Porno på boktoppen
Alex Pettyfer i hovudrolle?
Ei filmatisering av denne filmen har vore i emning lenge, men til no har nyheitene om filmen hovudsakleg vore kvinnelege Hollywood-skodespelarar som avkrefter at dei skal spele den kvinnelege hovudrolla Steele – deriblant Emma Watson, Mila Kunis, Keira Knightley og Kim Cattrall (av alle personar).
Van Sant skal ha fått med seg Alex Pettyfer (Magic Mike, I am number four) som Grey til si éine scene, men ingen av dei er avklart for den endelege filmen. Offisielt vil ikkje Universal bekrefte, men fleire filmnettstader har gått ut med historia individuelt.
Ifølgje tidlegare intervju sit uansett bokas forfattar E.L. James med siste ord når det gjeld kven som til slutt får jobben.
Anmelding: Magic Mike: – En underholdende film, med et hint av alvor
Dyre filmrettigheiter
Filmrettane gjekk til Universal og Focus Features for 3 millionar dollar etter ein bodkrig, og produsentane bak The Social Network arbeider for tida med å utvikle prosjektet, som dei nok håper å få
Spørsmålet om kven som skal regissere historia har lenge farta rundt – deriblant var Angelina Jolie ei stund aktuell – men Van Sant tek tydelegvis saka i eigne hender.
Regissøren er kjend for å takle tunge tema rundt seksualitet og ungdom gjennom filmar som Elephant og Mala Noche, og han er iallfall ikkje det verste valet når ein først skal lage ein film av dette. Kanskje det kan resultere i ein film med litt tyngde?
Kva trur du om Van Sant som regissør for prosjektet?