På overflata kan Fire Emblem: Awakening sjå ut som nesten kva som helst japansk rollespel, men det er overraskande stort – både i djupn og breidde.

Det kan vere skummelt å anmelde serier med lang forhistorie, difor opner eg med følgjande: Nei, eg har ikkje spelt nokre av dei tidlegare spela i Fire Emblem-serien. Mitt forhold til eit par av figurane i serien er i beste fall gjennom innslag i Super Smash Bros-serien.

Like etterpå døydde Donnel av ei tordenkile gjennom magen. (Foto: Intelligent Systems)
Like etterpå døydde Donnel av ei tordenkile gjennom magen. (Foto: Intelligent Systems)

No angrar eg på det. Ei heil rekkje spel i same sjanger vart nett redusert til emosjonelle sølepyttar i forhold.

Som «Pokémon» – men med konsekvensar

Grunnhistoria er uimponerande, men i bunn og grunn ikkje så farleg. Din hovudperson reiser rundt i Ylisse, eit land i byrjande krig, saman med Prins Chrom og hans følgjarar.

Eit stort onde, ein helt med hukommelsestap – du byggjer motstandshær, og forbereder deg til den siste kampen – og slike ting. Rikdommen i spelet ligg ikkje her, men i den turbaserte taktikken.

Med eit lag bygd av eit aukande antal slåsskjemper i ei rekkje ulike dynamiske klassar – som eit anarkistisk sjakkbrett – kjemper du deg gjennom ulike slagmarker på vegen mot stadig kraftigare mål.

Taktikkbreidda er ingenting anna enn imponerande, og eit enkelt uttrykk til trass – du kan tilpasse figurane sine evner ned til smådetaljar. Det er 40 ulike figurar, og over 40 ulike klassar – som etter kvart kan byggast ut til meir avanserte figurar med evner som tek utgangspunkt i ei form for stein-saks-papir-system.

Rike taktiske system er det derimot i mange andre av Fire Emblems sjanger. Det er difor det er imponerande at spelet klarer å gjere figurane til meir enn ein tabell med tal.

Anmelding: Pokémon Black&White 2: – Monstertråkk i velkjende farvatn

Fire Emblem: Awakenings tre uttrykk. (Foto: Intelligent Systems)
Fire Emblem: Awakenings tre uttrykk. (Foto: Intelligent Systems)
Ein veldig japansk miks

Utsjånadsmessig har spelet tre ulike stilar: eit kamplag, som er spelets taktiske base, eit 3D-lag, som er der Fire Emblem: Awakening viser fram sine flashy angrepsanimasjonar, og meir gjennomførte animasjonar, som viser mellomsekvensane i spelet.

Eg veit at dette er ei veldig japansk greie – ein ser spora gå bakover i tid til både Ni No Kuni og til fleire av dei eldre Final Fantasy-spela, men eg klarer aldri å bli heilt vant til dei store stilskifta.

Ein liten irritasjon meir enn ein kritikk, men spelet klarer heldigvis å flyte mellom dei ulike stilane utan at rytmen i spelopplevinga vert forstyrra.

Musikken er derimot glimrande, og ligg som eit perfekt stemningslag på toppen av spelet. Messande symfoniar, tunge marsjar, eller klingande salmer – dei fyller ut der det litt enkle talesystemet av og til kan vere litt ordknapt.

Anmelding: Ni No Kuni: Wrath of the White Witch: – Vakkert, koselig og sjarmerende!

Figurar du vert glad i

På same måte som i XCOM: Enemy Unknown er spelet rettferdig, og om du så skulle vere så uheldig å miste ein soldat, så kjennest det ut som det er din eigen feil. Men i motsetning til XCOM har dine figurar i tillegg ein – enkel, men likevel effektiv – personlegdom. Ved hjelp av ulike samarbeidsmodusar kan du òg byggje sterkare forhold mellom figurane.

Det kan raskt bli ein stor kabal av venskap – og etter kvart giftemål – å halde styr på, men desto artigare for balansestrebarar som meg.

Eg anbefaler å spele i «Classic Mode» som fører til at dine spelarar faktisk vert vekke når dei går tom for livspoeng. Då står det plutseleg meir på spel. Den nyinnførte «Casual Mode» – meint for nyare spelarar av serien, der dei ulike figurane berre trekkjer seg tilbake – vert meir som Pokémon-spela, litt for ufarleg, men koseleg for nye til sjangeren.

Samanlikningane til Pokémon-serien er kanskje litt naive, men framhaldskjensla er elles litt den same. Ein følgjer ein satt sti og bør forsøke å halde likevekt i laget ditt. Det er fullt mogeleg å til dømes spesialisere éin figur over alle andre, men då er laget raskt ille ute om den skulle få eit dødeleg slag.

Eg kan laste inn spelet på nytt, sjølvsagt, men av prinsipp let eg vere.

Anmelding: XCOM: Enemy Unknown: – Eg har eit stearinlys på stovebordet til minne om Katharina «Whiskey» Neumann

Prins Chrom, og den mystiske Marth (hvis namnebros ein kan finne i Super Smash Bros-serien). (Foto: Intelligent Systems)
Prins Chrom, og den mystiske Marth (hvis namnebror ein kan finne i Super Smash Bros-serien). (Foto: Intelligent Systems)
Eit av Nintendo 3DS beste så langt?

Etter kvart saknar ein den narsissistiske bueskyttaren sine sjølvgode bemerkingar, den sjølvsikre magikaren sine sjølvsagtheiter, og i aller verste fall den lojale riddaren sine humorlause tilsvar. Då har spelet gjort noko riktig.

Då Nintendo faktisk oppdaga at «internett er ein ting» fekk fleire og fleire Nintendo DS-spel utvida funksjonar via verdsveven. Awakening er ikkje noko unntak, og har nokre fine finesser for deg som og veit at «internett er ein ting» – desse har eg diverre ikkje fått utforska i særleg grad – men spelet kan by på nedlastbare kart, og lokale fleirspelarkampar.

Eit enkelt utgangspunkt til trass, Fire Emblem: Awakening løfter både sjangeren og Nintendos handhaldne maskin til nye høgder.

Og etter at eg har runda det første gong kjem eg nok ein gong til å ignorere den uviktige historia for å setje beina i Ylisse igjen – kven veit kva djupn eg finn i sølepytten denne gongen?

(Fire Emblem: Awakening kjem eksklusivt til Nintendo 3DS.)

Om SPILLET

Fire Emblem Awakening
  • Fire Emblem Awakening
  • Slippdato: 19.04.2013
  • Utgiver: Intelligent Systems
  • Originaltittel: Faiā Emuburemu Kakusei
  • Plattformer: Nintendo 3DS
  • Sjanger: Eventyr, RPG, Strategi