M-m-m-mamma! (Foto: Netflix)
M-m-m-mamma! (Foto: Netflix)

– Det er annleis, seier Alia Shawkat.

– Ja. Det er annleis, svarar Michael Cera.

– Det er fantastisk, seier Shawkat.

Dei speler to av figurane, syskjenborna Maeby Fünke og George-Michael Bluth, i tv-serien Arrested Development, og forbereder seg no på den fjerde sesongen som fans har venta på sidan kanselleringa 2006. Haavard Braathen i Filmbonanza møtte fleire av skodespelarane i Stockholm for å høyre deira meiningar om forventningar og endringar framfor den komande sesongen.

Skilnaden frå dei tidlegare sesongane er at alle episodane har handlingsforløp samtidig, men at kameraet i staden følgjer ein figur.

– Slik kan du sjå kvar dei har vore dei siste sju åra. Om Tobias og Buster har ein samtale, og dei så skil lag, så kan du sjå kvar dei to går etterpå. Det er litt som eit puslespel, seier Tony Hale, som speler mammagutten Buster i serien.

Kva er det som står på skjorta til Tobias? Foto: Netflix)
Kva er det som står på skjorta til Tobias? (Foto: Netflix)

Alle episodane på ein gong

Alle episodane vert sluppe samtidig på nettet i strøymetenesta Netflix den 25. mai. Og til skilnad frå dei fleste tv-seriar skal den i prinsippet kunne sjåast i kva rekkjefølgje som helst.

– Det er definitivt skrive med auger på Netflix-modellen, med alle episodane med ein gong, seier David Cross, som ikler seg rolla som den nevrotiske Tobias Fünke.

Han meiner at manusforfattar Mitchell Hurwitz har skrive inn så mange småvitsar og kryssande historier at denne sesongen ville ha hatt vanskeleg for å fungere på tradisjonell TV.

– Om du måtte vente ei veke, så hadde du gløymd vitsane. Utan den umiddelbare tilgangen, som er ein del av det Mitch arbeidde mot.

Cera er samd med Cross, og trur samtidig at ein uansett ikkje burde ha gjort det same som tidlegare – i frykt for at tv-serien hadde stagnert og blitt keisam.

– Det ville ikkje ha vore den same serien eller det same programmet. Den er strukturert slik utav nødvendigheit, og det utfrå ei trang til å utvikle det, at det ikkje berre skal vere det same heile tida.

Michael Cera speler George-Michael Bluth. (Foto: Netflix)
Michael Cera speler George-Michael Bluth. (Foto: Netflix)

Litt forvirrande innspeling

David Cross var ein tur innom skriverommet til seriens manusforfattarar, og var imponert over det han såg.

– For det første er det dobbelt så stort som alle andre skriverom eg har vore på, men i staden for ein vegg med figurane på og historie, så gjekk det rundt tre veggar, og så hadde han kvar figur – med alt dei hadde gjort dei siste seks åra, flashbacks, framsyn – heile vegen rundt rommet. Så hadde han garn, litt som ein gal mordar si leilegheit, frå figur til figur. Og dei hadde ulike fargar, for å forklare årsak og effekt.

– Og det er ikkje i nærleiken til å forklare kva som hender i Mitch sitt hovud, skyt Tony Hale inn.

– Der er det 10 gonger så ille. Me var ganske forvirra om kvar figurane var, og korleis historia vil utspele seg, men Mitch har den matrisen i hovudet. Mykje av arbeidet gjekk med på å stole på geniet hans for at det skal gå bra – noko det vil gjere.

Alia Shawkat speler Maeby Fünke! (Foto: Netflix)
Alia Shawkat speler Maeby Fünke! (Foto: Netflix)

Alia Shawkat var òg forvirra under innspeling og meiner Michael Cera har ein fordel av å ha vore med å skrive manuset. Då me gjorde intervjuet hadde ikkje nokon skodespelarar sett meir enn to heile episodar.

– Å sjå alle episodane kjem til å vere ganske friskt for meg, sjølv om eg veit kva som hender.

Stor forventing frå fansen

I dei seks-sju år sidan tredje sesong har serien blitt veldig populær gjennom strøymetenester og DVD. Hale påpeiker at det var gjennom såkalla «binge watching» – å sjå fleire episodar i same slengen – at serien fekk såpass mange fleire fans etter kanselleringa. Og mange fans forventer store ting.

– Det er ei innebygd forventning der, som ei merkeleg utfordring, men eg trur det aldri var ein tanke medan me spelte det inn. Mitch var så entusiastisk, og det påverka alle. Så me tenkte «om han ikkje er stressa, så kan me jo berre ha det moro»!

Kor moro det vert gjenstår å sjå. Arrested Development kjem eksklusivt til alle Netflix-regionane – òg Noreg – den 26. mai.

Kva synest du om Arrested Development?