Etter tysdagens Xbox One-avduking har Microsoft gitt forvirrande signal omkring eit par delar av Xbox Ones planlagde funksjonar. Fremst har forvirringa vore stor rundt nettilknytinga, og korleis bruktspel-ordninga deiras ender opp.

Det er veldig viktig å få fram at Microsoft enno ikkje har gått ut med kva dei faktisk har tenkt å gjere i denne situasjonen, noko som sjølvsagt berre fører til meir forvirring. Ei av dei foreslåtte ordningane – først omtalt i Wireds artikkel, men seinare trekt som offisielt fråsegn – er at spelarar skal kunne betale ei éingongsavgift for å nytte bruktspel handla i butikk.

Ifølgje Forbrukerrådets fagdirektør for digitale tenester, Finn Myrstad, vil ein slik funksjon kunne vere i strid med norsk lov:

Finn Myrstad. (Foto: Forbrukerrådet)
Forbrukerrådets fagdirektør for digitale tenester, Finn Myrstad. (Foto: Forbrukarrådet)

– Det er jo stor forvirring på nett rundt dette no, men det me kan seie er at om dette stemmer, så vil det kunne vere urimelege avtalevilkår ifølgje avtaleloven. Dette er på ingen måte greitt, spelet er ditt om du har kjøpt det, og då skal du kunne gi det bort eller selje det, seier han.

– Kva om du går i butikken og kjøper ein CD, men går lei og gir den til bestefaren din? Å tvinge han til då å betale plateselskapet for den, blir jo heilt feil. Eller å selje bilen brukt, og vere nøydd til å gi ein sum til Mercedes.

Electronic Arts stansa nyleg si tilsvarande ordning – Online Pass – berre nokre dagar før Xbox-lanseringa, av uvisse grunnar.

Les også: Forbrukerrettigheter: Du eier ikke spillet ditt

Ingen ordningar er bestemt enno, seier Microsoft

Det andre nemnde scenarioet – først lagt fram av redaktøren for Official Xbox Magazine – tilseier at dersom spelet blir installert på ein annen konsoll utan din brukar tilkopla, så slettes spelet frå di maskin. Myrstad kommenterer:

– Det vert noko litt anna når ein ikkje er avhengig av disken lenger, men då må dei forbetre sikkerheitssystema i staden for å øydeleggje den eksisterande dynamikken. Vel og bra at dei vil unngå piratkopiering – og vil få inntekter for det dei har laga – men dei kan ikkje endre spelereglane fullstendig for spelarane.

Larry Hryb – Xbox Live-sjef, og ein av dei aktive bakombloggarane hjå Microsoft – har i etterkant forsøkt å roe gemyttene ved å seie at ingen spesifikke ordningar er bestemt enno, rundt eit halvår før maskina kjem. Erik Kleven, ansvarleg for Xbox i Norge, utdjupar i ein kommentar til oss.

– Medan det har vore mange potensielle scenario diskutert, har me berre bekrefta at me designa Xbox One slik at kundane våre kan bytte inn og eventuelt vidareselje spel i butikk. Utover det har me ikkje bekrefta nokre spesifikke scenario. Ein anna del er speling hjå vener. Det vil ikkje vere noko avgift knytt til å spele spel medan du er innlogga på din profil.

Don Mattrick på #XboxReveal. (Foto: REUTERS/Nick Adams)
Don Mattrick på #XboxReveal. (Foto: REUTERS/Nick Adams)

På lik linje med Kleven og Hryb, seier visepresidenten i Microsoft, Phil Harrison, at dei ikkje vil kommentere det nærare før alle detaljar er på plass. Finn Myrstad er spent på å sjå utviklinga, og håper på det beste. I Forbrukarrådet er det mogeleg for brukarar å finne ut kva dei har rett på og ikkje ved kjøpsavtaler.

– Me håper at Microsoft speler på lag med forbrukaren. Deling av spel mellom vener er ein viktig dynamikk for spelarar.

Les også: Her er Xbox One, Microsofts neste spillkonsoll

Vil ikkje krevje konstant påkopling

Eit anna punkt det har vore mykje forvirring rundt er om Xbox One treng å vere tilkopla nettet og Microsofts sentrale serverar heile tida. Rykta svirra allereie før namnet på konsollen var klart, og sidan tysdag har Microsoft-tilsette sagt både at den ikkje treng nettoppkopling, og at den må vere pålogga éin gong per dag – sistnemnde vart òg avfeidd som «berre eit mogeleg scenario» av Microsoft sentralt.

Erik Kleven utdjupar kort, men bekreftar at den iallfall treng ei oppkopling for å aktiverast første gong – ikkje ulikt dei fleste Windows-maskiner.

– Me har designa Xbox One til å vere din alt-i-eitt TV, spel og underhaldningsmaskin, kopla til skyen og alltid klar. Xbox One krev ei forbindelse til internett, men du treng ikkje å vere tilkopla heile tida. Du kan spele spel, sjå på Blu-ray-filmar og TV, sjølv om du mister forbindelsen.

Dermed er nokre av detaljane litt klarare, sjølv om det gjenstår mykje på tydelegheita Microsoft nok hadde håpa å få ut av Xbox One-lanseringa. Det vil vere mogeleg å kjøpe og vidareselgje bruktspel, utan at selskapet har gått nærare inn på om det vil vere med betalingstenester eller ikkje. Det vil vere mogeleg å spele utan å vere tilkopla nettet, men maskina må aktiverast via nett for å fungere.

Det er venta at Microsoft vil fokusere meir på spelsida av Xbox-konsollen på E3 den 10. juni, og dei vil nok tene godt på å vidare oppklare spørsmåla som framleis står att etter tysdagens pressekonferanse.