Uansett kor mykje ein likte eller ikkje likte førre vekes premierefilm Star Trek Into Darkness, så var det éi scene som stod fram som ganske så umotivert (ingen spoilers). I ei scene der Alice Eves rollefigur plutseleg bestemmer seg for å skifte klede like bak vår helt, kaptein Kirk. Som den skjørtejegeren han er klarar han ikkje å late vere å kikke, og me får servert nokre sekund med romskipsbikini.

Ei liknande scene hende i 2009-filmen Star Trek med skodespelar Rachel Nicolls, men då var det i det minste forklart i handlinga. I Into Darkness kjendest det veldig konstruert og umotivert – kanskje mest for å gi traileren eit sekund med bikinibilete å vise fram?

– Eg har innrømt at me burde ha gjort ein betre jobb med å ikkje vere så umotiverte med å vise fram ein lite kledd skodespelar, skreiv manusforfattar Damon Lindelof (Prometheus, Lost) på Twitter i går.

– Det eg seier er at eg høyrer dykk, eg tek ansvar og skal vere meir oppmerksam på det i framtida.

Les også: Star Trek Into Darkness: – Effektene imponerer like mye som historien skuffer

Alice Eve i Star Trek Into Darkness. (Foto: United International Pictures)
Alice Eve i Star Trek Into Darkness. (Foto: United International Pictures)

Forklart med «mysterium»

Han påpeiker òg at han har hatt kaptein Kirk i undertøyet i båe filmar, utan at nokon reagerte på det. I eit e-post-intervju med MTV skriv han det same med litt glimt i auget.

– Kvifor er Alice Eve i undertøyet, umotivert og unødvendig, utan noko årsak for kvifor ho ville kle av seg akkurat der? Vel, det er ein veldig god grunn. Men eg fortel ikkje kva den er. På grunn av… øhm… MYSTERIUM!

Det har vore mange figurar i lite klede gjennom sci-fi-filmens historie, og ikkje alle har skapt like mykje merksemd som dette. Nokre har derimot vore enklare å forklare enn i Star Trek Into Darkness.

Ripley i Alien gjorde seg trass alt klar for årevis med teknologisk innført søvn (og klarte å leie merksemda vekk frå det skjulte romvesenet i bakgrunnen). Leeloo Dallas i The Fifth Element, vel, det var medisinske bandasjar – designa av Jean-Paul Gaultier (mote forklarer alt, eller?).

Topp 5: Star Trek-referansar: raudskjorter, vulcanske helsingar og KHAAAAAAAN!

Stor tilgang til internett gjer nok stemmene til kritikarar høgare. Ved sidan av denne scena har Lindelof òg fått kritikk for mangelen på handlingsrom for jentene i filmen sin, i eit Star Trek-univers som tradisjonelt sett har hatt mange sterke rollefigurar for både menn og kvinner.

Overreaksjonar eller heilt på sin plass?