Kortfilmfestivalen i Grimstad handlar om gleda ved å dele filmerfaringar, og om å få samla det norske filmmiljøet. Festivalen er ein viktig møteplass for både unge og erfarne filmskaparar og filmprodusentar i Noreg.

Filmpolitiets kortfilmpris er eit samarbeid mellom oss og kortfilmfestivalen for å vise fram dei som skaper opplevingar i kortare format. I år skal fem finalistar kjempe om heider, ære og 10 000 kroner i premie, som vert utdelt under Kortfilmfestivalen den 15. juni.

Årets finalistar er både dokumentarar og fiksjonsfilmar, og kanskje noko midt i mellom?

Blant dei nominerte finn me både erfarne og nye filmskaparar, og eit vidt spekter av teknikkar og verkemiddel. Klikk deg inn på dei fem filmane under og sjå dei! Avstemminga er nå avslutta, vinnaren vil annonserast i Grimstad den 15. juni.