– Antalet norske filmar er lågt, det gjeld eigentleg innan alle sjangrar, og det svingar litt, seier generalsekretær i Produsentforeningen, Leif Holst Jensen. Han meiner det produserast for få barnefilmar i Noreg, og at det bør arbeidast med å halde nivået oppe.

Til årets Amanda-pris er det i dei fleste kategoriar tre eller fleire nominerte frå dei 20 langfilmane Amanda-juryen har sett på det siste året. I bornefilmprisen er det ingen.

I Amandas filmår, som går frå 1. juli 2012 til 30. juni 2013, vart det nemleg berre utgitt 3 norske barnefilmar – Karsten og Petra blir bestevenner, Pelle Politibil på sporet og Reisen til julestjernen. På utdelinga den 16. august vil barnefilmprisen bli utdelt til éin av desse.

Holst Jensen meiner at vilkåra for barnefilm har blitt verre dei siste åra.

– Barnefilm er tøft, fordi dei først og fremst er retta mot ein heimemarknad i eit lite land, og fordi dei i tillegg er retta inn mot nokre smale målgrupper. Risikoen er difor høg.

Reisen til julestjernen er éin av årets tre vurderte barnefilmar. (Foto: Moskus Film)
Reisen til julestjernen er éin av årets tre barnefilmar. (Foto: Moskus Film)

Les også: Her er de nominerte, «Kon-Tiki» kan få åtte Amanda-prisen

Få i 2012, mange i 2013

Nina Refseth, Amanda-jurymedlem og direktør i Norsk Filminstitutt, er samd i at årets utval av barnefilmar var for lågt, men at det får ein oppsving i 2013.

– To av tre dei tre nominerte kom jo i 2013. Me er jo einige, det var uheldig at få kom eit år, og så mange året etter. Det produserast eigentleg ganske jamt med barnefilm, det gis tilskot til minst fire barnefilmar per år, men ikkje alle kjem det same året. Denne gongen var det mykje animasjonsfilm, som har lengre produksjonstid, seier NFI-direktøren.

– Slikt er det umogeleg å styre hundre prosent. Men det er mange i 2013, og det er fint at dei har fordelt seg utan over året.

I 2013 vil det bli gitt ut heile sju norske barnefilmar. Med unntak av dei allereie nominerte Karsten og Petra blir bestevenner og Pelle Politibil på sporet får me sjå De tøffeste gutta (9. august), Hokus Pokus, Albert Åberg (20. september), Mormor og de åtte ungene (11. oktober), Solan og Ludvig – Jul i Flåklypa (8. november). I 2012 var det betrakteleg færre.

– Det skaper jo eit ujamt tilbod til born, og det er hovudproblemet. I år vert det eit mykje betre tilbod enn i fjor, det er me glade for, seier Refseth.

Holst Jensen trur at hard konkurranse frå dei store barneunderhaldningsselskapa kan vere ein faktor.

– Når Disney/Pixar kjem inn med marknadsføring på alle plattformer og leiker på McDonalds er det ikkje lett for ein liten norsk aktør å skape same massive trøkk. Ofte satsar norske produsentar på ting som foreldra kjenner, òg gjerne prosjekt med oppfølgjarar, slik at den initielle investeringa kan hentast heim igjen.

Les også: «Brave»-regissør Brenda Chapman mener spin-off-produkter kan ødelegge historien i barnefilmer

Pelle Politibil er eit kjend varemerke frå 90-talet, som fekk ny gnist med årets animasjonsfilm. (Foto: Neofilm / Qvisten Animation).
Pelle Politibil er eit kjend varemerke frå 90-talet, som fekk ny gnist med årets animasjonsfilm. (Foto: Neofilm / Qvisten Animation).

– Støtta til filmproduksjon har vore vellukka

Dei norske Knerten-filmane er eit godt eksempel på dette, båe dei norske filmane i serien kom òg inn blant dei 5 mest besøkte på kino i 2010 og 2011. Nina Refseth ser at årets tre nominerte filmar òg er slike etablerte varemerker, men peiker på nokre av årets nykomarar.

Knerten og Karoline i Knerten gifter seg. (Foto: Morten Halfstad Forsberg/Paradox Produksjon AS)
Dei norske Knerten-filmane har gjort det godt på kino. (Foto: Paradox Produksjon AS)

– NFI ynskjer at norsk barnefilm skal ha høg kvalitet, og det har det òg – gjennomgåande. Det er viktig for oss at barnefilmane har ei balanse mellom det trygge og det nye. Det er ynskjeleg at me får fleire norske barnefilmar som er nye konsept, seier ho.

NFI har i april i år gitt støtte til to animasjonsfilmar frå Rasmus Sivertsen (Pelle Politibil på sporet), Solan og Ludvig – Herfra til Flåklypa og Knutsen og Ludvigsen og den fæle Rasputin. Desse er venta å dukke opp seinare år. Jo Nesbø-filmen Doktor Proktors prompepulver vil òg kome innanfor Amanda-året i februar 2014. Holst Jensen meiner at støtte som dette er avgjerande for norsk barnefilm.

– Støtta til filmproduksjon har vore vellukka og gitt gode resultat hjå publikum, og må halde fram å auke om me skal sikre norske barnefilmar, filmar som samlar både born og vaksne, og som vert med oss i minna framover som felles referansar, og ideal, seier han.

– Det veit me at barnefilm kan vere på sitt beste.

Amandaprisen vil i år bli delt ut den 16. august.

Er det for lite norske barnefilmar på kino?