Nokon har venta på å få sjå Independence Day 2 heilt sidan den første kom ut i 1996, og regissør Roland Emmerich er absolutt ein av dei. I samband med lanseringa av hans nyaste film White House Down var han i ein spørsmålsrunde der han avslørte at Bill Pullman og Jeff Goldblum ville gjere sine respektive roller i den komande oppfølgjaren.

– Me gjer ikkje ein fullstendig reboot, me gjer noko som er heilt uvanleg. Men eg trur òg at romvesena kjem tilbake, sa Emmerich og lo, ifølgje movies.com.

Pullman spelte presidenten, og Goldblum ein datahacker og sjakkentusiast i den første filmen. Dei to har ikkje signert kontraktar enno, men båe har tidlegare vist interesse for atterkomst, og Emmerich har dei med i manuset sitt.

Han kunne òg avsløre at det er ein homofil karakter blant dei nye ansikta i filmen, men han ville ikkje seie meir. Spørsmålet kom opp i samanheng med Emmerichs arbeid som LHBT-aktivist, og Hollywoods mangel på seriøse homofile rollemodellar.

Anmelding: Emmerichs «2012»: – To og en halv time med total fuckings destruction

(Artikkelen held fram under biletet.)

Ein av dei meir minneverdige augneblinka frå «Independence Day». (Foto: SF Norge)
Ein av dei meir minneverdige augneblinka frå «Independence Day». (Foto: SF Norge)
Mest sannsynleg utan Will Smith

Emmerich har tidlegare sagt at oppfølgjaren ikkje vert utan Will Smith, Hollywood-stjerna som for alvor slo gjennom med Independence Day.

Tidlegare denne veka sa han derimot at Smith no er «for dyr» og eit «for stort namn» til å få med i film nummer to, i natt utfylte han at han håper at skodespelaren kan gjere ei bittelita rolle i oppfølgjaren for å «gi stafettpinnen vidare».

– Ikkje noko stor overrasking at det kjem ein oppfølgjar – sa Birger Vestmo i 1998.

Det har vore snakk om ein oppfølgjar til Independence Day sidan slutten av 90-talet. Faktisk var det eit tema i den aller første sendinga av Filmpolitiet den 11. januar 1998 (høyr klipp til høgre).

Filmen har vore i såkalla «development hell» – eit uttrykk for store forseinkngar før produksjonen vert starta – sidan den tida. Me har sett ideen dukke opp igjen med jamne mellomrom sidan det – både i 2001, 2004 og 2009 – men det er ikkje før no det verkar å ha teke av igjen.

Litt som karrieren til Jeff Goldblum, med andre ord – som stort sett har gjort mindre jobbar det siste tiåret, før han nyleg vart sett opp på kino igjen i Jurassic Park 3D.

Independence Day 2 har ifølgje Emmerich planlagd premiere 4. juli 2015.

Kva trur du Emmerich kan få til med Independence Day 2?

Hei! Les dette før du skriver en kommentar:
Vi vil gjerne ha engasjerte debattanter og setter pris på konstruktive bidrag til samtalen. Det er lov å være kritisk eller uenig, men hold deg til tema og vær saklig i dine begrunnelser (husk at det er lett å bli misforstått). Personangrep og trakassering er ikke greit - slike innlegg blir slettet. Vi vil også gjerne at du bruker ditt fulle navn når du kommenterer. Takk for dine bidrag, hilsen oss i P3 Filmpolitiet.