På utviklarkonferansa Rezzed snakka skaparen av den norske spelserien Drømmefall, Ragnar Tørnquist, blant anna om spelet som forteljarmedie, og kom innpå Star Wars-skapar George Lucas sine nylege fråsegn om kor lite utvikla spelet er til å fortelje ei historie. Tørnquist måtte seie seg både einig og ueinig med Lucas (via Eurogamer).

For ei veke sidan uttalte Steven Spielberg blant anna at «med ein gong ein får kontrolleren i handa, så skrur noko i hjartet seg av og det vert rein sport».

Lucas gjekk litt djupare og sa at spel kan skape empatiske karakterar, men at det hittil utelukkande har blitt drive fram av spelarar som likar å sjå vald på skjermen.

Konflikten mellom de overlevende er sentral i spillet.
Konflikta mellom dei overlevande er sentral i «The Last of Us».

Les også: Spielberg: – Filmbransjen kjem til å implodere

Når får spelmediet sin «Titanic»?

– Det store spelet dei neste fem åra vil handle om karakterar du kan leve deg inn i, og det kjem til å vere retta mot kvinner og jenter, sa Lucas – og haldt fram at spelbransjen enno ikkje har fått sin Titanic.

– Fråsegna gjorde meg sint, seier Tørnquist frå scena.

– For tida speler eg The Last of Us. Eg skal ikkje spoile noko, men starten set opp ei fantastisk emosjonell tilknyting. Kontrollaren skrur seg på, og hjartet skrur seg ikkje av. Du kjenner deg desperat.

The Last of Us har av enkelte blitt trekt fram som spelets Citizen Kane-augneblink – då mediet plutseleg vert alvorleg – og har stort sett blitt hylla dei siste vekene av både spelarar og anmeldarar. Kanskje Spielberg og Lucas bør spele det før dei uttaler seg igjen?

Anmelding: The Last of Us: – En kraftfull spillfortelling som nesten bryter ut av skjermen

Journey. (Foto: thatgamecompany / SCEE)
Journey. (Foto: thatgamecompany / SCEE)
Spel eksperimenterer mest med historieforteljing

Törnquist, som for tida arbeider med den folkefinansierte oppfølgjaren Drømmefall Kapitler, sa frå scena på Rezzed at det er i spela ein ser størst framgang i innleving:

– Spel er der ein eksperimenterer mest med historieforteljing. Ta Journey, eit av dei beste spela eg har spelt – det fortel ei nydeleg historie gjennom bilete og lyd som du aldri hadde fått sjå i eit TV-program.

I paneldebatten (som du kan sjå i botnen av saka) diskuterte spelutviklarar i tillegg korleis framtidas historieforteljing i spel kjem til å bli, og kampen mellom lineære historier – meir rett fram, som i filmar eller bøker – eller utviklande historier – som baserer seg på vala til spelaren.

– Lineære historier kjem aldri til å døy, slo Tørnquist fast.

Det norske spelselskapet Krillbite er eit av mange som eksperimenterer med VR-brillene Oculus Rift

– Eg trur dei mest interessante opplevingane kjem når utviklarar forsøker å kombinere dei to.

Les også: Tørnquist: – Jeg tror dagene er talte for de store spillutgiverne

– Me må putte spelaren inni opplevinga

I røynda verkar det ikkje som om Lucas, Spielberg og Tørnquist er så ueinige, dei kranglar berre om kor langt spel har kome i dag. Spielberg trakk fram teknologien som den største stopparen for spelmediet, ikkje kreativiteten. Han trur framleis på «virtual reality» – å plassere folk inn i ei tredimensjonal verd.

– Me kjem aldri til å kunne leve oss inn fullstendig, så lenge me ser på ein firkant – anten det er eit filmlerret eller ein dataskjerm. Me må putte spelaren inni opplevinga, der du er omringa av tredimensjonale opplevingar uansett kvar du ser. Dét er framtida, seier Spielberg.

Så bra at VR-brillenes oppdaterte fetter Oculus Rift er på veg då! Brillesystemet er allereie teken i bruk av fleire utviklarselskap, deriblant det vesle, norske selskapet Krillbite, som tidlegare i år fekk folkefinansiert skrekkspelet Among the Sleep.

Kva trur du framtidas spelutviklarar bør satse på? Legg att di meining under paneldebatten frå Rezzed.