«Offisielle» lister over beste film har versert såpass lenge at det i fjor skapte stor virak då Vertigo tok over for Citizen Kane som beste film på Sigh & Sounds liste over beste film.

TV-seriar har derimot ikkje hatt heilt lister med den same prestisjen, men kanskje det kan bli ei endring på det når det amerikanske manusforfattarlauget – WGA – i går publiserte ei liste over dei 101 beste skrivne seriane.

Dei øvste plassane på lista omfattar elles blant anna Seinfeld, M*A*S*H og Mad Men, stemt fram av laugets medlemmer.

  1. WGAs topp 10 TV-seriar
  2. The Sopranos (HBO, 1999-2007)
  3. Seinfeld (NBC, 1990-1998)
  4. The Twilight Zone (CBS, 1959-1964)
  5. All in the Family (CBS, 1971-1979)
  6. M*A*S*H (CBS, 1972-1983)
  7. The Mary Tyler Moore Show (CBS, 1970-1977)
  8. Mad Men (AMC, 2007-)
  9. Cheers (NBC, 1982-1993)
  10. The Wire (HBO, 2002-2008)
  11. The West Wing (NBC, 1999-2006)

Lista bør vel helst sjåast som ei oversikt over dei beste tv-seriane, på same måte som Oscar-prisen er ei oversikt over beste filmar, ettersom den er totalt blotta for seriar som ikkje er engelskspråklege. Danske Riget og Borgen eller tyske Berlin Alexanderplatz glimrar med sitt fråvér.

Se også: TV-seriane Filmpolitiet har gitt terningkast 6

Gullalder for TV

– Fokuset her er på eksepsjonell skriving og historieforteljing gjennom heile serien, seier forfattar og styremedlem Aaron Mendelsohn (som hovudsakleg er kjend for Air Bud-filmane, familiefilmar med sportsutøvande dyr i hovudrolla) til TV Guide.

– Det er verkeleg ein gullalder for TV. Me er glade for at lista vert gjennomført no medan det skjer. Det har ikkje vore ein større konsentrasjon av fantastiske seriar, iallfall ikkje sidan 70-talet

Opphavleg skulle kåringa hende i 2007, men vart forstyrra av Hollywood-forfattarstreiken, så gjennomføringa kom først i fjor. Av seriar som kom like utanfor lista finn ein blant anna Ally McBeal og Family Guy.

Resultatet er ei liste som nok vil bli krangla mykje om i tida som kjem, som det alltid er med lister. Seriar som Twin Peaks og Band of Brothers kom kanskje ufortent langt ned på lista? Dog, det er jo strengt talt kjeklinga i etterkant som er mest morosamt med kåringar som dette.

Heile lista over dei 101 beste seriane finn du på WGA sine nettsider.

Kva er din topp 10? Kva meiner du manglar frå lista?

Hei! Les dette før du skriver en kommentar:
Vi vil gjerne ha engasjerte debattanter og setter pris på konstruktive bidrag til samtalen. Det er lov å være kritisk eller uenig, men hold deg til tema og vær saklig i dine begrunnelser (husk at det er lett å bli misforstått). Personangrep og trakassering er ikke greit - slike innlegg blir slettet. Vi vil også gjerne at du bruker ditt fulle navn når du kommenterer. Takk for dine bidrag, hilsen oss i P3 Filmpolitiet.