– Han er eit utruleg menneske, noko me alle veit. Eg fekk litt av ei reise då me laga filmen. Eg lærte ting om han, og det same kjem publikum til å gjere, seier skodespelar Idris Elba om til NTB om Nelson Mandela.

I den komande filmen Mandela: Long Walk to Freedom spelar han den sørafrikanske politikaren og apartheidmotstandaren.

Filmen har ikkje verdspremiere før i september, men den er allereie rekna for å vere blant årets store Oscar-utfordrarar. Elba er skeptisk til å snakke om den allereie no, spesielt med tanke påMandelas sjukdom.

– Eg er heldig som i det heile teke fekk jobben – og filmen handlar om han, ikkje meg. Det føles frekt.

Dette vert langt frå den første filmatiseringa av Mandelas liv, ikkje ein gong den einaste i tida som kjem. Winnie, med Terrance Howard som Mandela, er òg på veg ut til internasjonale lanseringar for tida.

Idris Elba som Nelson Mandela. (Foto: Pathé)
Idris Elba som Nelson Mandela. (Foto: Pathé)

Anmelding: The Wire: – Avhengighetsskapende, på en god måte

Attende som norrøn gud i haust

Idris Elba vil nok inntil då framleis vere mest kjend for rolla som Stringer Bell i HBO-serien The Wire. I år speler han òg i den tredje sesongen av TV-serien om London-politibetjenten Luther.

Ved sidan av skodespelarjobben, arbeider han òg som produsent i sitt eiget produksjonsselskap Green Door, eller som DJ under namnet Big Driis.

I november kjem Thor 2: The Dark World, regissert av Alan Taylor, og med Chris Hemsworth som den blonde tordenguden i hovudrolla. Idris Elba har rolla som Heimdal, voktaren av Bifrost – porten mellom menneska og gudane sine riker. Elba har trua på filmen (han vert jo trass alt betalt for det):

– Eg trur den vert bra, den har røyvd seg vidare frå den første. Du veit, Marvel er flinke til å porsjonere ut filmane sine – dei planlegg tre eller fire i slengen, seier han til NTB.

Filmen skal ta for seg handlinga eitt år etter Avengers, med ein fiende som vil kaste heile verda i mørkret.

Idris Elba spiller Stacker Pentecost i Pacific Rim (Foto: SF Norge AS).
Idris Elba spiller Stacker Pentecost i Pacific Rim (Foto: SF Norge AS).

– Denne gongen går me Åsgard nærare etter i saumane.

Anmelding: Thor: – Tordenguden lever!

Men først, «Pacific Rim»

Før den tid speler han i Pacific Rim frå Guillermo del Toro, der gigantiske robotar møter minst like store havmonster. Elba avslører at rolla som den barske offiseren Stacker Pentecost opphavleg var planlagd for Tom Cruise:

– Eg har vore fan av Tom i årevis. Det var difor ein stor kompliment at dei gjekk frå han til meg. Tom ville ha utrusta skikkelsen med fokus og karisma, forhåpentlegvis har eg fått til noko av det same.

Pacific Rim fokuserar mykje på store slag og sterke visuelle effektar, men Elba meiner den skjuler ei djupare meining.

– Den er metaforisk for korleis verda har skikka seg, og for korleis me kan utbetre feila våre. Me øydelegg planeten saman, og kan berre reparere den saman. Ikkje at Guillermo klaskar bodskapet i hovudet på folk – det er meir subtilt, seier han.

Anmelding: Pacific Rim: – En effektfest uten like fra Guillermo Del Toro!

– Eg trur fordelen vår er at me har laga ein original film, ikkje ein remake. Om du vil sjå noko du ikkje har sett før, bør du satse på denne.

Kva synest du om Idris Elba?

Hei! Les dette før du skriver en kommentar:
Vi vil gjerne ha engasjerte debattanter og setter pris på konstruktive bidrag til samtalen. Det er lov å være kritisk eller uenig, men hold deg til tema og vær saklig i dine begrunnelser (husk at det er lett å bli misforstått). Personangrep og trakassering er ikke greit - slike innlegg blir slettet. Vi vil også gjerne at du bruker ditt fulle navn når du kommenterer. Takk for dine bidrag, hilsen oss i P3 Filmpolitiet.