Steve McQueen er ein mann å følgje med på. Regissøren, som sist var aktuell i Noreg med Shame, slapp nyleg den første traileren for 12 years a slave.

Filmen er basert på Solomon Northups sjølvbiografi om vegen frå fri mann til slave (i, du klarer kanskje å gjette kor mange år) rundt tida for slaveavskaffinga i USA på midten av 1800-talet.

På den velfylte rollelista står blant anna Chiwetel Ejiofor (American Gangster) som Solomon, Brad Pitt (han er Brad Pitt) som slavemotstandaren Bass, Quvenzhané Wallis som Solomons dotter (Beasts of the Southern Wild), og Michael Fassbender – som McQueen har eit tett samarbeidsforhold med – (X-Men: First Class) som slaveeigaren Master Epps.

Traileren viser òg Alfre Woodard (True Blood), Benedict Cumberbatch (Sherlock), Paul Giamatti (Sideways) og Paul Dano (There Will Be Blood) i det som verkar som eit hardt 1800-tal med mange sterke kjensler.

12 years a slave-plakat. (Foto: SF Norge)
12 years a slave-plakat. (Foto: SF Norge)

Denne er nok betrakteleg nærare røynda, ei slags antitese til Quentin Tarantinos karikerte – dog artige – Django Unchained.

Anmelding: Shame: – Uhyre sterk prestasjon av Michael Fassbender!

Oscar-agn

Det bryr meg ikkje det minste at dette er opplagt agn for Oscar-juryen, med store skodespelarar og eit klassisk Oscarfilm-tema. McQueens førre filmar, deriblant Hunger, er sterke nok til at eg gler meg uansett.

Musikken er av Hans Zimmer, men i traileren har dei tydelegvis berre vald å nytte ting frå tidlegare filmar han har gjort, deriblant The Thin Red Line og Inception.

12 years a slave har planlagd internasjonal premiere den 27. desember 2013, og noregspremiere den 31. januar 2014 (akkurat i Oscar-tider, så beleilig).

Kva synest du om Steve McQueens filmar?