Regissør, manusforfattar og filmvitar Spike Lee er i vinden for tida, med ein Oldboy-remake på veg, og ein Kickstarter-kampanje på gang for ein film om menneske som er avhengig av blod.

I samanheng med sistnemnde – og i kraft av at han er filmprofessor på universitetet i New York – har han lagt ut ei liste over det han sjølv meiner er ei essensiell samling filmar ein bør ha sett om ein vil lage filmar.

– Som eg fortel studentane mine: Skal du vere ein god filmregissør må du ha sett fantastiske filmar, verdsfilmar, det kan ikkje berre vere Hollywood-film. Utdann deg sjølv. Lær. Voks. Utvikle deg. Skap fantastiske filmar, skriv han i ein kort presentasjon av lista.

Du kan lese heile lista i botnen av artikkelen.

86 filmar – 1937–2009

Spike Lee er kanskje minst like kjend for å vere politisk aktivist og rabulist, som å vere filmskapar. Med filmar som Malcolm X og She’s gotta have it har han utforska livet til svarte menneske i USA.

Les også: Spike Lee meiner «Django Unchained» er respektlaus

Trass dette er det eigentleg lite svarte filmskaparar på lista – i staden er det ei liste mykje prega av 60- og 70-talet, tida då han sjølv voks opp.

Det raraste på lista, eller iallfall mest overraskande, er kanskje Kung Fu Hustle, Stephen Chows kampsportkomedie frå 2002. Den kan kanskje verke litt malplassert saman med andre filmhistoriske storheiter – som Kubrick og Hitchcock, Truffaut og Fellini – men forklarar eigentleg mykje om Lee sjølv.

– Om du meiner det er noko eg burde ha med på lista, så vil eg at du skal sende det inn, seier han.

– Fordi det er sjølvsagt ting her eg har utelate.

Marilyn Monroe i «Some like it hot» er blant Spike Lees favoritter. (Foto: SF Norge)
Marilyn Monroe i «Some like it hot» er blant Spike Lees favorittar. (Foto: SF Norge)

– Det er ikkje «Blacula»

Lista er ein del av PR-arbeidet før filmen med den flotte arbeidstittelen The newest Hottest Spike Lee Joint, ein film han nyttar Kickstarter for å delfinansiere.

Han vil nytte den nye plattforma til å lage det han kallar ein morosam og sexy film om menneske som er avhengige av blod, men det skal ikkje vere som True Blood eller Blacula (skrekkfilm med svart Dracula frå blaxploitationmiljøet).

– For studioa verkar det som om alle filmar no må vere ein global storsuksess, ein «tentpole»-film, som skaper oppfølgjar på oppfølgjar på oppfølgjar på oppfølgjar.

– Det er ikkje eit oppmuntrande miljø for uavhengige filmskaparar.

Les også: Er det for mange blockbusters i 2015?

Først ute er likevel hans remake av Park Chan-wooks 2003-film Oldboy, no med Josh Brolin i hovudrolla, som etter sigande får norsk kinopremiere i oktober 2013.

Sjølv om Lee har uttrykt si begeistring for Oldboy tidlegare, er den merkeleg nok ikkje med på lista hans. Og nokre val til trass, det er ei interessant liste.

Og nei, eg skal ikkje late som eg har sett absolutt alle av desse sjølv.

Kva filmar meiner du at filmskaparar bør ha sett? Kva burde ikkje vere med på lista?

  • Spike Lees liste over filmar du bør sjå, rangert etter regissørnamn
  • Bad Lieutanant (1992), Abel Ferrera
  • Rashomon (1950), Akira Kurosawa
  • Yojimbo (1961), Akira Kurosawa
  • Ran (1985), Akira Kurosawa
  • Rear Window (1954), Alfred Hitchcock
  • Vertigo (1958), Alfred Hitchcock
  • North by North West (1959), Alfred Hitchcock
  • Bonnie and Clyde (1967), Arthur Penn
  • The Conformist (1970), Bernardo Bertolucci
  • Last Tango in Paris (1972), Bernardo Bertolucci
  • Ace in the Hole (1952), Billy Wilder
  • Some Like it hot (1959), Billy Wilder
  • Killer of Sheep (1977), Charles Burnett
  • Night of the Hunter (1955), Charles Laughton
  • Raising Arizona (1987), Coen-brørne
  • The Bridge over River Kwai (1957), David Lean
  • Lawrence of Arabia (1962), David Lean
  • On the Water Front (1954), Elia Kazan
  • A Face in the crowd (1957), Elia Kazan
  • La Strada (1954), Federico Fellini
  • La Dolce Vita (1960), Federico Fellini
  • 8 1/2 (1963), Federico Fellini
  • City of Gods (2002), Fernando Meirelles, Katia Lund
  • Gudfaren (1972), Francis Ford Coppola
  • Gudfaren 2 (1974), Francis Ford Coppola
  • De 400 slagene (1959), Francois Truffaut
  • Day for night (1973), Francois Truffaut
  • Patton (1970), Franklin J. Schnaffer
  • Mad Max (1979), George Miller
  • The Road Warrior (1981), George Miller
  • Battle of Algiers (1966), Gillo Pontecorvo
  • The Last Detail (1973), Hal Ashby
  • Breathless (1960), Jean-Luc Godard
  • West Side Story (1961), Jerome Robbins, Robert Wise
  • Stranger than paradise (1984), Jim Jarmusch
  • The Train (1964), John Frankenheimer
  • Malteserfalken (1941), John Huston
  • The Treasure of Sierra Madre (1948), John Huston
  • Fat City (1972), John Huston
  • Midnight Cowboy (1969), John Schlesinger
  • Marathon Man (1969), John Schlesinger
  • Boyz n the Hood (1991), John Singleton
  • Los Olvidados (1950), Luis Bunuel
  • Black Orpheus (1959), Marcel Camus
  • Home of the Brave (1949), Mark Robson
  • Mean Streets (1973), Martin Scorsese
  • Raging Bull (1980), Martin Scorsese
  • Apocalypto (2006), Mel Gibson
  • Casablanca (1942), Michael Curtiz
  • Thief (1981), Michael Mann
  • The Red Shoes (1948), Michael Powell, Emeric Pressburger
  • Coolie High (1975), Michael Schultz
  • I am Cuba (1964), Mikhail Kalatozov
  • One Flew over the Cuckoos Nest (1975), Milos Forman
  • District 9 (2009), Neill Blomkamp
  • In the heat of the night (1967), Norman Jewison
  • Touch of Evil (1958), Orson Welles
  • Blue Collar (1978), Paul Schrader
  • White Heat (1949), Raoul Walsh
  • Is Paris Burning? (1966), Rene Clement
  • MASH (1970), Robert Altman
  • To Kill a Mockingbird (1962), Robert Mulligan
  • Rome Open City (1945), Roberto Rosselini
  • Paisan (1946), Roberto Rosselini
  • Chinatown (1974), Roman Polanski
  • Black Rain (1989), Shôhei Imamura
  • Dog Day Afternoon (1975), Sidney Lumet
  • Singin’ in the rain (1952), Stanley Donen, Gene Kelly
  • Paths of Glory (1957), Stanley Kubrick
  • Spartacus (1960), Stanley Kubrick
  • Dr. Strangelove (1964), Stanley Kubrick
  • Kung Fu Hustle (2004), Stephen Chow
  • Dirty Pretty Things (2002), Stephen Frears
  • Hoop Dreams (1984), Steve James
  • Close Encounters of the Third Kind (1977), Steven Spielberg
  • Empire of the Sun (1987), Steven Spielberg
  • Cool Hand Luke (1967), Stuart Rosenberg
  • Badlands (1973), Terrence Malick
  • Days of Heaven (1978), Terrence Malick
  • The Wizard of Oz (1939), Victor Fleming
  • An American in Paris (1951), Vincente Minnelli
  • Lust for Life (1956), Vincente Minnelli
  • Sykkeltyvene (1948), Vittorio De Sica
  • Miracle in Milan (1951), Vittorio De Sica
  • Dead End (1937), William Wyler
  • Zelig (1983), Woody Allen