Det er vel ei kjensgjerning at det alltid kjem noko trygt og koseleg frå dei store amerikanske animasjonsselskapa, sjølv når ein skurk er hovudpersonen. Tre år etter den første i serien, dukkar verdas ondaste mann opp igjen, i ei formelbasert historie, som heldigvis har nok særpreg til å skilje seg litt ut i mengda.

Gru er rett nok rehabilitert, og lever forstadslivet med adoptivdøtrene medan han skjuler eit gigantisk gelélaboratorium i kjellaren, men det tyder ikkje at vondskapen sluttar å fungere i verda. Difor vert han hyra inn av den verdsomspennande Anti-Skurke-Ligaen til å finne ut kven som har stole eit genmuteringsvirus – som merkeleg nok ser ut til å befinne seg på eit kjøpesenter.

Der Gru i den førre filmen fann eit hjarte for dei tre borna – som opphavleg var ein del i ein kynisk plan – er eit gjennomgåande tema denne gongen at han skal finne kjærleiken.

Grusomme meg 2. (Foto: United International Pictures)
Gru møter sin match i Lucy Wild. (Foto: United International Pictures)

Blinddates organisert av naboen fungerar ikkje særleg bra, men heldigvis – tilfeldigvis? – dukkar ein kvinneleg, søt agent ved namn Lucy opp. Praktiske plotthendingar, altså!

«Hjelparane» er filmens høgdepunkt

Animasjonen er velpolert og herleg slik ein berre kan vente det frå dei større animasjonsselskapa – mange av figurane kunne like godt ha vore frå dei fleste Pixar- eller Dreamworks-filmar. Samtidig har viktige delar av universet rundt Gru akkurat så mykje sjel at den skil seg litt ut. Scena der Lucy køyrer sin kvardagsbil/ubåt/jetfly ut i havet er blant filmens vakraste.

Dei små klona hjelparane – «the minions» – bringer framleis mykje av filmens sjarm og humor. Trass sitt kvinete tullespråk er dei nokre av Grusomme Meg 2s mest uttrykksfulle og sjarmerande figurar. Det er alltid fint når det som openbart starta som eit merchandise-lokkemiddel òg viser seg å ha ein god effekt på sjølve filmen – spesielt når dei denne gongen spelar ei større rolle.

Fleire andre av figurane er stort sett enkle pappfigurar – trass filmens godt gjennomførte 3D-effektar. Dei er enkle å forstå for ungane, men tek kanskje litt for lett på endringane som hender i liva sine. Den 13 år gamle Margo kjem iallfall raskare over si tenåringsforelsking enn nokre andre 13-åringar eg nokosinne har vore borti.

Grusomme meg 2. (Foto: United International Pictures)
Filmens kjernefamilie. (Foto: United International Pictures)

Dei norske stemmene er finfine, det er verkeleg på tide at «norsk dubbing er rævva»-ryktet svinn hen. Alex Rosén viser med sin Gru at han har fleire strengar å spele på enn den raspete latteren og overanstrengte stemma han stort sett har på TV, og dei andre rundt han fell fint inn i universet.

Set han i fengsel neste gong!

Manuset kjem frå Ken Daurio og Cinco Paul, gjengen som òg står bak Horton– og Lorax-filmar, stort sett middelmådige filmar basert på barnebøker. Dei viser seg som flinkare når dei kan skape frå sitt eiget materiale, og nokre klisjéfylte stereotypar til trass – universet har framleis leverett.

Grusomme meg 2. (Foto: United International Pictures)
Hjelparane . (Foto: United International Pictures)

Men kvar tek ein det frå dette? «Skurken som hovudperson» var det mest inspirerte med den første filmen, endringa til forstadsbuar er kanskje ei naturleg vidareføring.

Om Universal tør å rokke meir ved kvardagen hans i (den uunngåelege) tredjefilmen, så kjem dei til å få ei gullstjerne frå meg. Sett han i fengsel neste gong! Yeah, justismord!

Filmen er perfekt tima sumarunderhaldning for dei dagane då du er lei sola og badevatnet strengt talt ikkje er så forlokkande. Alt i alt ender Grusomme meg 2 opp med å bli sjølve kroneksempelet på terningkast 4. Velpolert, akkurat passe artig, god – men like trygt som eit postkort frå Kreta. Nydeleg vakkert på framsida, men litt flatt bakpå.

Sumarleg helsing, Andreas.

Kva synest du om Gru og co.?

Om FILMEN

Grusomme meg 2
  • Grusomme meg 2
  • Slippdato: 05.07.2013
  • Regi: Pierre Coffin og Chris Renaud
  • Utgiver: Uniter International Pictures
  • Originaltittel: Despicable Me 2
  • Sjanger: Action, Animert, Barn, Komedie