– Handa er raskare enn auget, og kameraet er treigare enn auget, så det er vanskeleg å gjere slikt ordentleg på film. Så me la til bitte litt hjelp frå datagenerert grafikk, men igjen – alt er mogeleg.

Den franske regissøren Louis Leterrier har hovudsakleg arbeidd med store actionfilmar, Transporter 2, The Incredible Hulk, og så vidare. Med Now you see me tek han eit lite steg vekk frå skyting og eksplosjonar, og lager ein film der illusjonar – magiske triks for å lure publikum – er i hovudsetet.

– Alle illusjonane i filmen kan fungere. Dei er triks som ein kan gjere no, eller som illusjonistar vil vise fram i åra som kjem, seier Leterrier entusiastisk.

Anmelding: Now You See Me: – «smoke and mirrors» gjør at filmen likevel har en viss underhaldningsverdi

Louis Leterrier med skodespelar Isla Fisher på verdspremiera for «Now you see me»- (Foto: Frazer Harrison/Getty Images/AFP)
Louis Leterrier med skodespelar Isla Fisher på verdspremiera for «Now you see me»- (Foto: Frazer Harrison/Getty Images/AFP)

Skodespelarane lærte seg fleire illusjonar

I Now you see me har dei fire hovudfigurane sitt spesialfelt. Woody Harrelson er ein mentalist, Isla Fisher er ei utbrytardronning, Dave Franco spesialiserer seg på «sleight of hand», medan Jesse Eisenberg siktar seg inn på storillusjonane.

– Triks som illusjonistar som David Copperfield eller Keith Barry – mentalisten – arbeider på. I filmen er det litt av båe to, men hovudsakleg vart triksa gjort på ekte framfor kamera.

Arbeidet med å feste det på kamera var viktig for Leterrier, som tilsette konsulentar for å arbeide med skodespelarane i tre månader før innspelinga starta.

– Og det artigaste er at eg no, medan me reiser rundt med skodespelarane, ser at dei har lært seg triks dei ikkje kunne før. Det var som om me opna Pandoras eske.

Han samanliknar skodespelarkunsten med illusjonistar sin terping på magiske triks.

– Båe to har sin boks med triks som dei finpussar på. Ein magikar gjer det same, dei held fram å arbeide på eigenskapane sine for å bli betre.

– 3D er eit fantastisk verktøy

Tidlegare har Leterrier arbeidd på fleire franchiser, filmar meint som ei historie i ei rekkje av andre filmar, men han seier at Now you see me alltid var tenkt som éin film.

– Eg trur det er eit dødskyss for mange. Du ser at dei forsøker hardt å vere den første av mange filmar, noko som feilar miserabelt. Vår film er éin film. Dette er absolutt min film.

Men han har ikkje alltid hatt kontrollen. I mai gjekk han ut og kritiserte bruken av 3D på sin eigen film, Clash of the Titans – og sa at det ikkje var hans avgjersle, «ikkje min film». Problemet var ikkje at den var i 3D, problemet var at 3D-en var så forferdeleg dårleg:

– 3D er eit fantastisk verktøy. Problemet med Clash var at den aldri var tenkt til å vere i 3D, og det som følgde var ein forhasta jobb der det burde ha vore ei saktegåande, gjennomtenkt konvertering.

– Eg hadde ikkje kontrollen, noko ein regissør bør ha. Det var som om eg skulle ha regissert noko frå hotellrommet mitt. Dermed fekk eg skulda for noko eg ikkje var med på i det heile teke.

Les også: Clash of the Titans: – Jeg foretrekker å spille «God of War III» på Playstation

Morgan Freeman kan også noen triks i Now You See Me (Foto: Nordisk Film Distribusjon AS).
Morgan Freeman kan også noen triks i Now You See Me (Foto: Nordisk Film Distribusjon AS).

Vil gjerne lage spel

Leterrier er ein teknologfantast, og har blant anna samarbeida tett med ein av Hollywoods 3D-meisterar – James Cameron (Aliens, Avatar) – i forberedinga til remaken av den indremedisinske eventyrreisa Fantastic Voyage. Ved sidan av filmen har han ei stor interesse for spel, og kunne gjerne tenkje seg å få eit spelprosjekt i hendene.

– Det er rota i den same kreative prosessen, men likevel så annleis. Ei slik interaktiv handling som spel gir deg, det er noko eg ynskjer å lage på eit tidspunkt. Noko som gjer deg underhaldt, får deg til å tenkje – som er fengslande og skapar sterke indre kjensler.

– Eg viker på ingen måte unna å nytte ny teknologi, eg er ingen purist. Eg vil berre gjere det riktig! Alt er verdt å prøve, så lenge du gjer det beste du kan.

Now you see me har noregspremiere i dag, 26. juli.