Med The Wolverine oppe i filminteressertes merksemd var det på tide med litt nyheiter frå nestemann ut, X-Men-filmen Days of the future past. Gjennom viralreklamenettsida for det fiktive selskapet Trask Industries viser 20th Century Fox oss litt frå den komande superheltfilmen.

Bryan Singer (X-Men 1 og 2, samt ei utvida produsentrolle i First Class) er attende som regissør, og no er PR-kampen så smått i gang.

I ein kort reklamefilm for Sentinels, bodyguardrobotar skapt av Trask Industries skapt for å beskytte sine eigarar, verkar dei likevel å ha ei litt skummel side (lysande auger er aldri ein god ting). Sjølv om dei ikkje klarar å fange eit klinisk framtidsutopia like godt som Prometheus-viralvideoane er det framleis noko fordekt som dirrar under overflata her òg.

Anmelding: X-Men: First Class: – Jeg har fortsatt lyst til å høre deres historie

Peter Dinklage som Bolivar Trask. (Foto: 20th Century Fox)
Peter Dinklage som Bolivar Trask. (Foto: 20th Century Fox)

Bolivar Trask – literally Hitler

I tillegg til videoen viser sida ulike deler av selskapet, som er styrt av militærvitskapsmannen Bolivar Trask – spelt av Peter Dinklage (Game of Thrones). Trask vert beskrive som ein mann med stor interesse i evolusjon og gener, og som oppdagsmannen av X-genet som gjer mutasjonane til X-Men mogeleg.

Deretter er han teikna som ein mann som vil bekjempe mutantar for å unngå menneskets utrydning, gjennom blant anna «genbegrensande halsband» (noko han gav til sonen sin i teikneseriene), og ved å bygge Sentinels (som me så vidt fekk ein liten kikk på i starten av X-Men: The Last Stand frå 2006).

X-Men: Days of the Future Past tek mål på seg å foreine historielinjene frå dei første tre X-Men-filmane, og den eldre historielinja som starta med X-Men: First Class i 2011. Tidsreiser er involvert når både Magneto (Michael Fassbender OG Ian McKellen), Professor X (James McAvoy OG Patrick Stewart) og ei rekkje andre figurar skal møte andre versjonar av seg sjølv på 70-talet. Om ein skal døme frå barten til Peter Dinklage, så er iallfall tidskoloritten inne!

Filmen har planlagd noregspremiere den 18. juli 2014.

Mutants are the enemy. Igjen?

Sentinels passar blant anna på president Nixon. (Foto: 20th Century Fox)
Sentinels passar blant anna på president Reagan. (Foto: 20th Century Fox)

Mutants are the ENEMY! (Foto: 20th Century Fox)
Mutants are the ENEMY! (Foto: 20th Century Fox)

Fighting the mutant THREAT! (Foto: 20th Century Fox)
Fighting the mutant THREAT! (Foto: 20th Century Fox)