The Lone Ranger fekk hard medfart i si første veke på kino. Sidan premiera den 3. juli har filmen spelt inn omlag 73 millionar dollar – cirka 457 millionar kroner, noko som er knappe ein tredel av filmens totale budsjett på 250 millionar dollar (ikkje medrekna marknadsføring).

Cowboyhelten Lone Ranger, popularisert gjennom bøker og radioforteljingar allereie frå 30-talet, kombinert med Johnny Depp, appellerte dermed ikkje så mykje til publikum som Disney nok håpa på.

4. juli-veka vert i USA gjerne nytta som springbrett for nokre av sumarens største filmar. Ifjor var det Amazing Spider-Man som fekk æra av å ta av her, og tidlegare har Transformers-filmane sikta hardt mot den besøkstunge langhelga. I år fekk The Lone Ranger hard konkurranse frå Grusomme meg 2.

Den ville animasjonsfilmen frå Universal fekk inn 293 millionar dollar over same tidsrom, og gjekk òg inn på førsteplass i Noreg med 58594 registrerte kinopublikummarar førre veke. Med eit budsjett på rundt 75 millionar dollar, som irriterande nok er ganske billeg for ein animasjonsfilm frå eit større studio, er den godt inn i profittens land allereie.

Anmelding: The Lone Ranger: – Westernkomedien er full av floskler og dårlig slapstickhumor

Taylor Kitsch har ikkje fått heilt dei store rollene etter «Battleship» og «John Carter»-floppane. (Foto: Disney)
Taylor Kitsch har ikkje fått heilt dei store rollene etter «Battleship» og «John Carter»-floppane. (Foto: Disney)
Liknar mykje på «John Carter»

Dermed kan det verke som om The Lone Ranger får mykje same medfart som John Carter. Endå ei historie basert på ein gammal figur, henta fram igjen av Disney som ein storbudsjetts sumarfilm, med håp om å gjenoppta gamal fan-glede.

Båe hadde omtrent det same budsjettet, og John Carter nytta ein lang sumar på å kome i profitt etter premiera i feburar same året. Men, når Disney puttar så mykje pengar inn i ein film er ikkje målet å gå i null, men forhåpentlegvis å skape kassasuksessar som Avengers eller Skyfall.

Eit eventuelt tapsprosjekt vil nok ikkje ha så mykje å seie for stjerneskodespelar Johnny Depp, men det kan ha noko å seie for gryande hovudrolleinnehavar Armie Hammer. Håpet hans er nok at The Man from U.N.C.L.E., basert på spionserien frå 60-talet med same namn, kan slå an i 2014. Der vil han spele ei av hovudrollene, mot Henry Cavill, som nyleg har gjort det godt i Man of Steel.

Korleis velgjer du ut kva filmar du ser på kino?