Jakta på den neste filmseriesuksessen for den mykje ettertrakta «young adult»-marknaden held fram. Og dystopiske univers som er ein eller anna metafor for samfunnet vårt slik det er i dag er iallfall noko ungdommen kjem til å sjå mykje av i åra som kjem.

Les også: Fleire filmar ynskjer å ta opp tråden der «Harry Potter» slutta

Sist ute er regissør Neil Burger (Illusjonisten) sin adapsjon av Veronica Roths roman Divergent. I dette samfunnet vert alle menneske delt inn i fem kategoriar etter menneskelege dygder: uselvisk, roleg, ærleg, modig og intelligent.

Men nokre fell ikkje inn i nokon av kategoriane, dei er «divergent» – avvikande. Ein av dei er hovudrolla Tris, spelt av Shailene Woodley.

Klipt ut av «Amazing Spider-Man 2»

Etter rolla i TV-serien The Secret Life of the American Teenager og Alexander Paynes The Descendants vart Shailene Woodley spådd å vere ei av Hollywood komande stjerner, og med førehandshypen denne filmen har skapt er det ikkje utenkjeleg at det held fram.

Anmelding: The Descendants: – Hun spiller med så stor selvsikkerhet at vi kan ha med en kommende stjerne å gjøre

Woodley skulle opphavleg vere med i Amazing Spider-Man 2 som superheltens ikoniske raudhåra kjærast, Mary Jane Watson – men vart kutta ut og sendt vidare til den tredje planlagde filmen i serien.

Divergent har planlagd noregspremiere den 21. mars 2014. Hennar neste prosjekt er kreft(-, litteratur- og ungdoms)dramaet Fault in our stars (Faen ta skjebnen på norsk) basert på John Greens bestseljande bok.

Kva er din favorittdystopi (for «young adults»)?