Dei biografiske filmane stormar fram som aldri før. No er livet til The Godfather of Soul, The Minister of the New New Super Heavy Funk, Mr. Dynamite, Sex Machine, The Hardest Working Man in Show Business – sjølvaste James Brown – på veg til ein kino nær deg.

James Brown på Al Sharptons 50-årsdag i 2004. (Foto: AP Photo/Tina Fineberg)
James Brown på Al Sharptons 50-årsdag i 2004. (Foto: AP Photo/Tina Fineberg)

Rolla vert innteke av relativt ukjende Chadwick Boseman, skriv mellom anna Variety. I tillegg til ei rekkje småroller i ulike TV-seriar har han òg hovudrolla i ein anna biografisk film i år, om baseballspelaren Jackie Robinson i filmen 42.

Regi vert ved Taylor Tate, som i fjor vart Oscar-vinnande med The Help/Barnepiken. Manuset er skrive av Jez og John-Henry Butterworth (Fair Game), og følgjer James Browns liv frå fattige kår i Georgia fram til stjernestatus på 60-talet – via narkotikamisbruk, bankerott og lovbrot.

På trappene i over ti år

Produsent Brian Grazer skal ha forsøkt å få i gang ein film om soulsangaren sidan 2001, og på ulike tidspunkt har både Eddie Murphy og Wesley Snipes vore aktuelle for hovudrolla medan Spike Lee var aktuell som regissør, men det er først no prosjektet skal ha skote fart.

James Brown døydde i 2006, 73 år gammal, etter å ha blitt lagt inn på sjukehus med lungebetennelse. Han vart kjend for ei rekkje låtar som «I got you (I feel good)» og «It’s a mans world», og spesielt for scenepersonlegdommen og sceneshowa sine.

Då gjenstår det å sjå om Chadwick Boseman klarar å vere like karismatisk, like funky, og like strålande som James Brown var.

Kva synest du om James Brown?