Ei av dei siste rollene James Gandolfini fekk før hans død i juni var HBO-miniserien Criminal Justice. Etter tre månader i ventemodus har Robert De Niro no teke over rolla hans, ifølgje Hollywood Reporter.

Criminal Justice er basert på ein BBC-serie med same namn, om folk som vert skulda for mord, då med Ben Whishaw (Skyfall) i ei sentral rolle som mannen mistenkt for å ha begått eit mord han ikkje hugsar.

Den amerikanske versjonen skal visstnok i større grad svirre rundt blålysadvokatane – dei som spring til ulukkesstader for å få klientar – no med De Niro som ein av hovudrollene, og ein pakistansk-amerikansk sikta.

Jeff Fahey og Robert De Niro i Machete. (Foto: Walt Disney Studios Motion Pictures Norway)
Robert De Niro var ein ven av Gandolfini. (Foto: Walt Disney Studios Motion Pictures Norway)

Riz Ahmed (Four Lions), Bill Camp (Lincoln), Payman Maadi (Nader og Simin) og Poorna Jagannathan er nokre av dei andre namna på rollelista.

Les Gandolfini-hyllesta: James er død, Tony lever

Tårefylt avskjed under Emmy

Gandolfini var blant dei som vart heidra under årets Emmy-utdeling. Edie Falco, som spelte kona til Gandolfini i Sopranos, gav ein tårefylt takk til skodespelaren som døydde etter eit hjarteåtak på Sicilia i år.

Skodespelaren rakk å spele inn ei pilotepisode – som HBO har uttalt at dei aldri kjem til å sende. Advokaten skal i utgangspunktet berre ha dukka opp heilt på slutten av episoden, noko som gjorde det lettare for HBO å endre rolla.

BBC og HBO – saman med den opphavlege manusforfattaren, Peter Moffat – samarbeider om å produsere serien, som i første omgang får sju episodar. James Gandolfini vil framleis vere oppført som «executive producer» på serien, som takk for bidraget.

Apropos ingenting: Er det ikkje godt å sjå at De Niro ikkje berre tek roller i teite actionfilmar og slappe komedier?