Uansett kva J.K. Rowling skulle finne på å skrive etter dei sju Harry Potter-bøkene, så vil ho for alltid bli knytt til det universet. No skal ho for første gong vere filmmanusforfattar, når ei av skulebøkene til Harry Potter vert film, skriv Coming Soon.
– Det heile byrja då Warner Bros. kom til meg med ideen om å gjere om Fabeldyr og hvor de er å finne til film. Eg synest det var ein god idé, men tanken på å sjå Newt Scamander, den såkalla forfattaren av Fabeldyr gjort til live av ein anna manusforfattar var vanskeleg, skriv Rowling.
Filmen er planlagd å bli den første i ein serie om Newt, og hans reiser i det magiske universet. Dette vil verken vere ein oppfølgjar eller ein forfølgjar – men i staden ei slags utviding.
Kjend univers, lenge før Harry
– Lovane og skikkane til det hemmelege magiske samfunnet vil vere attkjennelege for alle som har lest bøkene og sett filmane om Harry Potter, men Newts historie vil starte i New York, sytti år før Harry er påtenkt.
Innimellom dei offisielle bøkene har Rowling skrive fleire historiske verk i Harry Potter-universet, deriblant skulebøker om fabeldyr og sporten rumpeldunk.
Historia vil i tillegg bli ein del av det allereie massive Harry Potter-merchandise-universet, med spel, merkevarer, fornøyelsesparkar og nettstaden Pottermore.
Warner Bros skal i tillegg samarbeide med BBC om ein miniserie basert på romanen A Casual Vacancy (Den tomme stolen) som Rowling skreiv i fjor.
– Me veit at publikum vil vere like spente som oss på å sjå kva hennar briljante og botnlause fantasi manar opp for oss, seier Warner Bros.-sjef Kevin Tsujihar.
Etterlengta eller unødvendig? Eller kanskje noko midt imellom?