Uansett kva J.K. Rowling skulle finne på å skrive etter dei sju Harry Potter-bøkene, så vil ho for alltid bli knytt til det universet. No skal ho for første gong vere filmmanusforfattar, når ei av skulebøkene til Harry Potter vert film, skriv Coming Soon.

Fabeldyr og hvor de er å finne.
Fabeldyr og hvor de er å finne.

– Det heile byrja då Warner Bros. kom til meg med ideen om å gjere om Fabeldyr og hvor de er å finne til film. Eg synest det var ein god idé, men tanken på å sjå Newt Scamander, den såkalla forfattaren av Fabeldyr gjort til live av ein anna manusforfattar var vanskeleg, skriv Rowling.

Filmen er planlagd å bli den første i ein serie om Newt, og hans reiser i det magiske universet. Dette vil verken vere ein oppfølgjar eller ein forfølgjar – men i staden ei slags utviding.

Kjend univers, lenge før Harry

– Lovane og skikkane til det hemmelege magiske samfunnet vil vere attkjennelege for alle som har lest bøkene og sett filmane om Harry Potter, men Newts historie vil starte i New York, sytti år før Harry er påtenkt.

Innimellom dei offisielle bøkene har Rowling skrive fleire historiske verk i Harry Potter-universet, deriblant skulebøker om fabeldyr og sporten rumpeldunk.

Historia vil i tillegg bli ein del av det allereie massive Harry Potter-merchandise-universet, med spel, merkevarer, fornøyelsesparkar og nettstaden Pottermore.

Warner Bros skal i tillegg samarbeide med BBC om ein miniserie basert på romanen A Casual Vacancy (Den tomme stolen) som Rowling skreiv i fjor.

– Me veit at publikum vil vere like spente som oss på å sjå kva hennar briljante og botnlause fantasi manar opp for oss, seier Warner Bros.-sjef Kevin Tsujihar.

Etterlengta eller unødvendig? Eller kanskje noko midt imellom?