TV-industrien har lenge blitt skulda for å ignorere internettet i sine nye strategiar. Under førre vekes lansering av Netflix i Nederland, avslørte Netflix-innhaldssjef Kelly Merryman litt om korleis dei førebudde seg på å lansere i eit nytt område. Svaret var kanskje overraskande:
– Når det gjeld innkjøp av TV-seriar ser me etter kva som gjer det bra på piratnettstader, svara Merryman til magasinet Tweakers, som trakk fram Prison Break som ein av seriane som var populært blant nederlendarar, som dei difor valde å kjøpe inn for den nederlandske marknaden.
Dermed meiner dei at dei får større innsikt i kva folk i bestemte område ynskjer seg – noko som kanskje seier noko om Noreg, med tanke på kor mange dårlege romantiske komediar me har fått tilgang til.
Les også: Omfanget av piratkopiering har falt kraftig i Norge
– Betre enn ein Emmy
Netflix-sjef Reed Hastings har hinta til liknande tidlegare, og har blant anna sagt at han hadde elska å «løyse» piratproblemet til HBO-serien Game of Thrones – populært omtala som det mest nedlasta TV-programmet i 2012 – ved å gjere det tilgjengeleg på sin plattform.
HBO har på si side ikkje vore interessert i strøymeavtaler som dette tidlegare – men at dei ser på Netflix som ein konkurrent.
Jeff Bewkes, sjef for Time Warner, har tidlegare i sumar uttalt at piratnedlasting hjelper jungeltelegrafen for TV-seriar:
– Om du ser rundtom i verda, så trur eg du har rett i at Game of Thrones er det mest nedlasta programmet i verda. Og dét, er betre enn ein Emmy.
Frå landskapet: «Så, det han seier er at dersom du vil at Netflix skal hente inn ein serie, så er det berre å få eit heilt land til å laste den ned?»