Sony har lansert Playstation Vita TV, ein mikrokonsoll med mogelegheit for å strøyme innhald frå Playstation-produkt til TV-en din. Den vesle boksen koplast til TV-en via ein HDMI-utgang, og kontrollerast med ein Playstation 3-kontroll.

I tillegg til å spele PSP- og Vita-spel på storskjermen din, skal den etter kvart ha mogelegheit for å strøyme Playstation 4-spela dine frå ein anna TV. I traileren (i botnen av artikkelen) visar dei ein Playstation 4 tilkopla TV-en i stova, som streamer til ein TV med Playstation Vita TV på «guterommet».

Ved launch skal maskina kunne spele 1300 ulike spel, sidan den kan kople seg på Playstation Network og laste ned alle Playstation Portable og PSOne-spel, samt nokre Playstation Vita-spel (dei som ikkje er avhengig av berøringsfunksjonar og kamera) rett til konsollen. I fjor sumar kjøpte Sony opp spelstrøymetenesta Gaikai, sannsynlegvis er noko av teknologien deira integrert i den nye mikrokonsollen.

Playstation Vita PCH-2000. (Foto: Sony)
Seks fancy fargar. (Foto: Sony)

Les også: Sony kjøper strøymetenesta Gaikai

Billegare og smalare Playstation Vita

Sony lanserte òg ei oppgradering av den handhaldne Playstation Vita-konsollen i natt. Ein rein wi-fi-versjon konsollen, kalla PCH-2000, vert 20 prosent tynnare og 15 prosent lettare enn dagens Vita. Den får òg ein billegare LCD-skjerm – og seks ulike fargar, for dei som likar slikt.

Vita PCH-2000 vil sjølvsagt òg fungere saman med Playstation Vita TV, og vil bli lansert i Japan i løpet av oktober.

Størrelsen teken i betrakting – 10×6 centimeter – og med tanke på at Sony er den einaste av konsollprodusentane som òg er ein storleverandør av TV-skjermar, er det nok ikkje utenkjeleg at Sony med tida vil lansere TV-ar med Vita TV innebygd.

Til å byrje med skal Vita TV lanserast i Japan i november for 9 480 yen (rundt 600 kroner). Ei pakke med éin handkontroll og eit 8 gigabyte minnekort vil koste 14 280 yen (900 kroner). Sony har ikkje lagt fram planer for lansering andre stader i verda enno.

Kva trur du om det utvida Playstation-økosystemet?

Hei! Les dette før du skriver en kommentar:
Vi vil gjerne ha engasjerte debattanter og setter pris på konstruktive bidrag til samtalen. Det er lov å være kritisk eller uenig, men hold deg til tema og vær saklig i dine begrunnelser (husk at det er lett å bli misforstått). Personangrep og trakassering er ikke greit - slike innlegg blir slettet. Vi vil også gjerne at du bruker ditt fulle navn når du kommenterer. Takk for dine bidrag, hilsen oss i P3 Filmpolitiet.