Agents of S.H.I.E.L.D. hadde premiere i USA førre veke enda den opp med den beste seriepremiera for eit ABC-drama sidan V i 2009. Med «forskyvd» sjåing – DVR, og ulike strøymetenester – nådde den eit sjåartal på over 20 millionar menneske, og var spesielt populær blant 18-29-åringar.

Heilt kvar den skulle bli vist i Noreg har vore eit spørsmål ei stund, og no har me fått eit svar. Viasat 4 vil sende TV-serien frå måndag den 21. oktober, klokka 22.00.

Serien handlar om den hemmelege agentorganisasjonen bak Iron Man og dei andre Marvel-superheltane, og bakast inn som ein historie som går ved sidan av filmane. Ingen av dei store superheltane er sentrale i serien – Captain America, Thor, og så vidare – men kvardagslege heltar, skurkar og agentane som må arbeide med dei.

Ein sentral figur er agent Coulson (Clark Gregg), kjend frå blant anna The Avengers.

Joss Whedon skal tilbake til TV-ruta (Foto: AP Photo/Jack Plunkett).
Joss Whedon skal tilbake til TV-ruta (Foto: AP Photo/Jack Plunkett).

Les også: Bølgja av superheltfilmar er langt frå over

Joss Whedon + Marvel

Det er serie- og filmskapar Joss Whedon som har regissert første episode i serien etter at han i fjor regisserte The Avengers. Han er kjend for å skape kultseriar som Firefly eller Buffy, og boltrar seg no i Marvels univers som konsulent på serien og regissør på Avengers 2.

I kveld går andre episode av stabelen på amerikanske ABC, og tradisjon tru – iallfall for superheltfilmar – skal det dukke opp eit kjend ansikt etter rulleteksten, ifølgje Marvel sjølv. Kritikarane er stort sett positive, og første episode har til no ein samla Metacritic-score på 76 av 100 mogelege.

Kva tenkjer du om at TV-seriar og filmar delar univers i såpass stor grad? Kommenter under dette klippet frå første episode.